Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Valdreskvelven blues
Av Olav Norheim, Norderhov, 3512 Hønefoss

Valdreskvelven, kven då? Ein spelemann, eit spelemannslag, ein springar, eit symbol.

Eg har sett Valdreskvelven sykle forbi. I 1962 laut det bli. På riksveg 60 på ein Trygg som var grøn, forbi Slidrekyrkja og Stupulsvingen med kurs for Slidrehuset. Valdreskvelven alias Kristian i Hybelen syklar forbi. Stiv og lyseblå i blikket som ein blues-artist, i dressjakke og gåbortbrok, felekassa festa på bagasjeberaren, tradisjonsberaren. "Der syklar Valdreskvelven", sa vi.

Frå stiftingskurset i 1962: Fremst frå venstre: Arvid Jacobsen Myhre, Torgeir Havro, Ola Grihamar d.e., Eirik Steine Riste, Andris A. Dahle. Bak frå venstre: Harald Fylken, Lars Bjerke, Kristian Husaker, Sigbjørn B. Osa, Ola Fylken, Lars Wangensteen.

Springaren Valdreskvelven byggjer på ei trist soge, eit bryllaup i grensestroka mellom Valdres og Ådalen kring 1770, spelemannen var sjalu på den utvalde brudgommen, og gjorde så bryllaupsbåten kvelva og folket datt i elva, nokre drukna. Springaren, bluesen, slåtten, låten, soulmusikken frå Begnas elvebreidd vart heitande Valdreskvelven. Det same vart det nystarta spelemannslaget i Øvre Valdres i 1962. Ein heilt naturleg konsekvens av lokalsamfunnets mellommenneskelege mekanismar var då at han Kristian i Hybelen vart Valdreskvelven personleg. Ein såkalla vanleg kar, med tankane under ei luve og feletonane bakpå bagasjeberaren.

Valdreskvelven, syklisten, kom ikkje anstigande åleine. Eit spelemannslag har fleire spelemenn. Drosjesjåføren og bonden Ola Fylken, "fylkesmannen", duvande i ein støvgrå Volga, køyrande drosje med seg sjølv, ein kvardagsartist, nyvaska og sjarmant. Erik Steine Riste, ordførar i Vestre Slidre, i brun Volvo PV, med brylkrem og dress og slips. Dei andre må også ha kome fram på eit vis: Andris A. Dahle og Ola Grihamar nordante Vang, med beksaum og fetsko på glatte vegen, riksveg 60. Med Lærdalsbussen kom Sigbjørn Bernhoft Osa akande, guest star og instruktør.

Eit år som alle år, eit år heilt for seg sjølv, fullt av song og spel langs riksveg 60 og på jukeboksen i kjellarkafeen hennar Astrid i Skåren: Davy, Davy Crockett, rider hele dagen lang. Ramona, ingen kvinne er som deg. Hør min sang, Violetta. Vi var arbeidskamerater, frøken Johansen og jeg. Og viss det går slik som je har trudd, blir postadressa mi Hollywood. Sånt är livet. Once there were greenfields, kissed by the sun. O Sole Mio, syng han Robertino. Så kjem Stordahl og Engedahl, utan å sjå seg føre, inn på scena på Kvamshall, ut att i Ønskekonserten med tresko og busserull.

Med eitt kjem det fykande ein agalaus vestavind som kvervlar med seg nye tonar frå Liverpool og London, unge gutar inn i platestudio og ut att på plate, så er det å lesse opp på rutebåten, i rock og roll over Nordsjøen, losse av ved kai i Oslo, skunde seg opp til Marienlyst, la langbølgjene rulle frå Tryvatn til Nordhue til Kjeldeknatten, vidare nordover til omformaren på Olberg, rockens tonar poppar ut i bygda, over Slidrefjorden, ned i dalen, ned i ei djup generasjonskløft, inn i husa, ut att i radioen, lydar og låtar du aldri trudde fanst. Elvis lever: It's now or never. Rock-a-hula-baby. Chubby Checker let det twiste again. Cliff Richard og Shadows want to dance. Beatles spelar inn plate, Love me do, please love me, do. Beatnicks syng om Johan på Snippen med spisse sko og bakoversveis. Karane i Valdreskvelven vender blikket bakover og går i springartakt i fetsko. Alle gjekk vi i fetsko dei tørre kalde vintrane langs 60-talets riksveg 60, kvar vår veg, til kvar våre tonar.

Grå etterjulsvinter i 1962: Rollin-stonsen Brian Jones riffar med gitaren på Marquee Club i London. Valdreskvelven bufsar med bogen på Ølken pensjonat i Øvre Valdres. Alle spelar dei protestmusikk. Det er mykje ein kan protestere mot. Alt var betre før og likare skal det bli. Det er håplaust, men dei gir seg ikkje. For dei har musikken. Piggtrådmusikken. Elektriske stålstrenger av piggtråd. Hardingfelestrenger av piggtråd. Mykje er likt, men ingen liknar kvarandre, ingen likar kvarandre. Stones og Beatles blir opprørarar. Vaksne valdrisar og Valdreskvelven blir opprørte. Dei ristar på hovudet i springartakt. Likevel ligg det ein blues på lur. Ein valdresblues. Og ein flir. Ein bygdeflir.

Valdreskvelven er hardingfelemusikkens missing link langs 60-talets riksveg 60. Ein gong var Hilme-spelet ungt og nytt og tøft og røft. Seinare vart det gamalt som mose på tre og laut spelast slik det ein gong var, då alt var betre.

No er 60-talet gamle dagar. No er Beatles-musikken vorten gamal og vel likt, Shadows står i skuggen, Rolling Stones er skrukke-rock. Det vil aldri bli det same og alt er som før. Ein gong i gamle dagar spelar Valdreskvelven ein låt som er gamal og grå. Eller blå. Felespel i gamle og samspelte fargar: ljøsblått, dumbegrått, grusbrunt, grangrønt, kaffisvart og blankt.

Valdreskvelven blir aldri pop, aldri rockn roll, aldri twist and shaut. Men blues. Springar og blues. Bluesen kan aldri nokon ta ifrå dei. Ikkje ein gong dei som har greie på det. Rytmen & Bluesen. Rytmen på eit plankegolv. Bluesen i den gilde kveld. Saman er dei mange nok. Ingen treng å koma her. Hilme-spelet har det berre bra. Alt ved det gamle og alt er forbi. Valdreskvelven som syklar forbi. Forbi.