Meining om den nye lova (lesarinnlegg)

Dyrevernloven av 1974

Les høringsutkast til ny dyrevelferdslov her!!(PDF-fil)

Sjå også om dyrevelferd på websider frå EU

Forslag til ny dyrevelferdslov

Forslag til ny dyrevelferdslov er på høyring Høyringsfrist er 18.2.

Ei revidering av dyrevernlova er no heilt naudsynt. Den noverande skriv seg frå 1974. Mykje av det som er endra i lovframlegget er bra, men den kan og må bli betre på eit par viktige punkt.

Eit par viktige forutsetningar må vera på plass:

  • Det eine er at lova må vera forståeleg for folk flest.
  • Det andre er at virkemidla som skal til for å kontrollera at den blir etterlevd må vera på plass.

Er den forståeleg?
For det fyrste kan det diskuterast om det er grunn til å endre namnet til dyrevelferdslov. Dyrevern er lett å forstå. Dyrevelferd kan tolkast i fleire retningnar.
Det er ikkje bra når ein får inntrykk av at ein del setningar er direkte omsett frå eit anna språk og at den som har omsett det ikkje heilt skjønar kva det betyr. Eg vil koma med nokre eksempel på uklare formuleringar.
Kva betyr det at formålet er å « -fremme god dyrevelferd og respekt for dyr» som det står i formålsparagrafen? Dette er rett, men det er altfor vagt. Det burde presiserast at formålet med lova er å hindre menneskeleg framferd som kan føre til unødig liding for dyr. Dette står rett nok i paragraf 3.
Kvifor startar §3 med «Dyr har egenverdi uavhengig av den nytteverdien de måtte ha for mennesker.» Ein er sjølvsagt heilt samd i utsagnet, men dette er ein setning som betyr alt og ingenting, og slike vage uttrykk bør lukast vekk eller i det minste få ein mykje mindre synleg plass i ei lov. Set det i alle fall sist i avsnittet.
Kva betyr det som står i §6: «Andre skal ha nødvendig kompetanse til den aktiviteten de utfører.» Ein er heilt samd i at det trengst kompetanse for å ha dyr. Denne setningen er for underteikna uforståeleg i den samanhengen den står i.

Er virkemidla gode nok? Kva med dyrevernnemndene?
Det står i bakgrunnsteksten til lovframlegget at dyrevernnemndene ikkje passar inn i moderne forvaltning. Dette er kanskje det viktigaste negative punktet med framlegget slik det står i dag.
Det er ikkje tilfredsstillande at det ikkje står i klartekst at det framleis skal vera dyrevernnemnder. Det er svært viktig at lova inneheld handfaste pålegg om ulike former for tilsyn. Det er ikkje nok med at Mattilsynet har dette ansvaret åleine. Ein ser alt no at på grunn av låge budsjett blir dyrevernarbeid mange stader nedprioritert. Det betyr i praksis at dersom løyvingane til dette arbeidet blir liggjande på det nivået det har fått i dag, så kan heile lova bli ein papirbestemmelse utan reelt innhald. Dyrevernnemndene er ein garanti for at det også er ein annan instans som har ansvaret for dette viktige arbeidet. Dyrevernnemdene må difor halde fram og heller bli styrka med høgare løyvingar. Dette må nedfellast i lova.

Utanom desse innvendingane ser lovforslaget bra ut. Det skal bli interessant å sjå det endelege resultatet.

 

 

Småfesidene - Til toppen