Spontan
vaginalruptur hos drektige søyer
Gunvald Mosdøl skriv i
Norsk Veterinærtidsskrift 3/99 111, s. 157 om vaginalruptur hos sau
Dette er ein sjeldan sjukdom, som ikkje
alle kjenner til. Liknande tilstandar er ikkje omtala hjå geit og ku.
Typisk er rask utvikling i siste del av drektigheita hjå vaksne søyer
av dei tyngre rasene.
Lokalisasjonen av rupturen har vore dorsolateralt
i vagina, like bak cervix uteri. I dei fleste tilfella blir ikke
skaden oppdaga før deler av tarm og/eller uterus kjem til syne gjennom
vulva. Bukorgana blir pressa frå bukhola gjennom excavatio rectovaginalis
og rupturen dorsalt i vagina, før dei kjem til syne i vulva. Etiologien
har vore uklar. Alt frå sadisme til vaginalprolaps er angitt som mulige
årsaksforhold.
Han har sjølv eit materiale på 17 søyer
frå Setesdal. Dette vart samla inn i løpet av 15 år. 12 vart funne døde
og 5 i live. I 4 søyer vart det påvist torsjon av uterus.
Det vart ikkje funne samanheng med vaginalprolaps.
Dette kunne teoretisk vera ein mogeleg årsaksfaktor. Ingen var fyrstegongsfødarar.
På dei søyene som vart avliva var det alvorlege
subperitoneale blødningar i bekkenhola.
Referanser
- Anderson WGF. Vaginal rupture in ewes.
Vet Rec 1988; 122: 543.
- Fox MW. Ovine vaginal rupture. Vet Rec
1962; 74: 351-2.
- Chaudhry NI. Rupture of the vagina in
a pregnant ewe. Vet Rec 1979; 104: 220.
- White M. An unexplained condition in
pregnant ewes. Vet Rec 1961; 73: 281.
- Knottenbell DC. Vaginal rupture associated
with herniation of abdominal vicera in pregnant ewes Vet Rec 1998;
122: 453-6.
- Mosdøl G. Spontan vaginalruptur ante
partium hos søye. Nor Vet 1980; 92: 316.
- Arthur GH, Noakes DE, Pearson H. Veterinary
Reproduction and Obstetrics. 7. ed. London. W.B. Saunders, 1996; 285.
- McLean JW. Vaginal prolapses in sheep.
N Zea Vet J 1956; 4: 38-59.
- Roberts SJ. Veterinary Obstetrics and
Genital diseases. Ithaca 1986; 360.
Gunvald Mosdøl Norges veterinærhøgskole
Postboks 8146 DEP
0033 0slo