Innleiing
Alveld høyrer til i ei sjukdomsgruppe som går under fellesbetegnelsen
«fotosensibilisering». Med det meiner vi at dyret er overfølsomt for sollys.
Det som skjer er at mottakelege (fotosensibiliserte) dyr får ein form
for hudbetennelse når dei blir utsette for sollys.
Fotosensibilisering oppstår når ein fotodynamisk substans
er tilstades i kroppen.
Det er tre hovedtyper av fotosensibilisering
Primær fotosensibilisering:
Spesielle planter inneheld slike fotodynamiske element. Når dette kjem
inn i kroppen inn i kroppen og dyret blir utsett for lys av ei spesiell
bølgelengd, kjem symptoma. Eksempel på slike planter er Hypericum-arter.
Avvikande pigmentsyntese/-utskilling:
Medfødt porfyri er eksempel på ein slik tilstand. Det er kjent frå storfe,
men ikkje frå småfe. Arveleg defekt i utskiljinga av fylloerythrin er
beskrevet hos Southdown sheep og i Corridales.
Hepatogen fotosensibilisering:
Primært oppstår det ein leverskade, enten i levercellene (hepatocyttane)
eller i gallegangane eller i begge. Resultatet er opphoping av fylloerythrin
i kroppen. Dette er eit nedbrytingsprodukt av klorofyll, og blir vanlegvis
skilt ut med gallen.
Fylloerythrin er ein fotodynamisk substans, og opphoping av fylloerythrin
gjer at sauen blir fotosensibilisert. Alveld høyrer til denne gruppa.
Det finst fleire stoff som kan påverka leverfunksjonen slik at det blir
opphoping av fylloerythrin. Det er påvist at foring med store mengder
saponiner frå romeplanten kan gje desse forandringane
i levera, men ein meiner at det også er andre faktorar som må spela ei
rolle for utviklinga av Alveld. Mykotoksiner er nevnt, men det er ikkje
påvist sikkert enno.
Opptreden:
På myrlendt, surt beite der det veks rome. Det er ikkje vanleg kvart år, men spesielt når det har
vore kaldt og fuktig og det så kjem sol (alveldvær). Det forekjem på lam,
men oftast ikkje vaksne sauer. Årsaka til det er antakeleg at vaksne sauer
har ein betre utvikla leverfunksjon.
Kvite dyr er meir utsette enn pigmenterte, spesielt på område av kroppen
der dei ikkje er beskytta av ull. Spelsau er meir utsette enn pelssau
( pga av ulik leverfunksjon). Ein meiner også at dyr med blodtype BB er
meir utsette enn dyr med blodtype AA.
Symptom:
· Kløe, uro og risting av hovud og øyro.
· Ødem og rødme. Øyro heng snart tungt nedover Augelok vil bli oppsvulma
og gjera det vanskeleg for dyret å sjå.
· Utsiving av serøs væske gjennom huda, Skorper og sår som gjev sekundærinfeksjonar.
Forebygging:
· Fjerne dyr frå romebeite
· Færre dyr pr areal på utsette beite.
· Ein gongs kalking og fosforgjødsling i 3 år kan fjerne rome frå beitet.
Det er gjort mange undersøkingar om Alveld her i landet. Den siste store
undersøkinga er gjort av Arne
Flåøyen:
- STUDIES
ON THE AETIOLOGY AND PATHOLOGY OF ALVELD
with some comparisons to sporidesmin intoxication. Arne Flåøyen,
1993 (Utdrag frå denne avhandlinga samt referansane i avhandlinga
er svært interessant, og bør lesast.)
- Do Steroidal Saponinshave a role in hepatogenous Photosensitization
diseases of sheep? Arne Fåøyen, Plenum Press,1996 s.395
- Diseases of sheep, Second Edititon W.B. Martin, I.D.Aitken,
Side 294