firkant Småfesidene
bordov


Hovedside sjukdommar Om forebygging av sjukdomNokre nyttige linkarSøk i småfesidene Informasjon om sidene

Sjukdomsproblem i praksis som heng saman med Selen/vitamin E hos lam.

 

Nils Leine, 2975 Vang i Valdres

Ernæringsbetinga muskeldegenerasjon har vore kjent her i landet i over 60 år. Etter nokre år vart det kjent at vitamin-E kunne motvirke sjukdommen. Seinare vart det så kjent at selen også spelte ei viktig rolle. Fram til midten av 80-talet vart det drive ganske mykje forsking på selen/vitamin-E. Det var den gongen mange som arbeidde med dette emnet her i landet, og som det går fram av referansane er Gunnar Øvernes ein av dei som har gjort mykje.

Etter kvart vart selen/vitamin-E ein viktig del av utrustinga til den praktiserande dyrlegen. I alle dei åra eg har vore i praksis, ville det vore utenkjeleg å greia seg utan. Ofte blir vitaminpreparata nytta når ein står framfor eit diffust tilfelle med usikker diagnose og ein ikkje finn på noko anna å behandla med. Men det kunne på nytt vera av interesse å sjå på kva fagleg grunnlag ein byggjer på når ein tek dette i bruk i terapi og profylakse og når ein gjev råd om fôring.

topp

Mekanismer.

Selen: Den biologiske rolla til selen er som komponent i enzymet Glutathion-peroxydase. Dette enzymet finst i vassfasen intracellulært. Det inaktiverer skadelege peroxyd frå metabolismen.
Vitamin E: Vitamin-E finst i feittfasen i cellemembranen og fritt i blodet. Det fjernar frie radikalar frå nedbrytinga av polyumeta feittsyrer i cellemebranen
Immun–forsvaret I tillegg har selen og vitamin-E betydning for immunforsvaret. Her er det gjort ein del undersøkingar som viser at:
  • Det blir ein auke i den totale antistoffmengda (IgG) etter selentilskot i fôret eller selen gjeven som Barium selenat.
  • Dei største dosane med selen resulterer i ein liten nedgang i antistoffproduksjonen etter vaksinasjon.
  • Lam frå søyer som har fått tilført selen har ein signifikant auke i antistofftiteret mot tetanus toxoid i forhold til lam frå søyer utan tilskot.
Thyroidea funksjonen Det er nemnt at selen/vitamin-E kan ha ei rolle i thyroidhormon-metabolismen. Det er dei same områda av landet som har mangel på jod som også har mangel på selen.

topp

Selenkonsentrasjonar og krav til Selen i fôret.

Innhald i jord I Finnland varierer innhaldet av selen i mineraljord mellom 0,1 mg Se / kg og 0,6 mg/kg. Men berre 4% av jord-selen i Finnland er tilgjengeleg for plantene. Det er såleis ei sterk jordbinding, og dette har også betydning ved gjødsling. Mykje av det selenet som blir spreidd utover blir anten bunde i jorda eller det blir borte ved avrenning.
Innhald i høy Seleninnhald i norsk høy varierte i 1979 mellom 0,004 - 0,030 mg Se / kg høy
Behov Behov for selen i fôr er 0,2 - 0,3 mg Se/kg. Ei søye bør ha ca 0,4 mg Se/dag.

Dersom ein skulle gje berre høy, ville seleninntaket bli frå ca 0,01 -0,06 mg Se/dag.

Det er altså altfor lite selen i norsk høy, og ein må nytta tilleggsfôring.

Selen–tilsetting Det er dei siste åra blitt tilsett meir selen til kraftfôrblandingar, mineralblandingar og saltslikkesteinar.
  • Kraftfôrblandingar er no tilsett 0,20 mg Se /kg.
  • Mineralblandingar og saltslikkesteinar er tilsett 20 mg Se / kg.

topp

Innhald av vitamin-E i forskjellige fôrslag.

Vitamin-E konsentrasjonen i fôret varierer mykje med fôrslag, årstid og konserveringsmetode

Bra Ferskt gras. Silo av god kvalitet. Fôrmargkål og grøne blad av rotvekster.
Middels godt Korn og Høy av god kvalitet
Lågt Halm og høy av dårleg kvalitet og rotvekster.
  Behovet for vitamin-E er vanskeleg å finna eksakt. Det blir angitt til min. 20 IE / kg tørrstoff, men det er til visse tider behov for det dobbelte. Det varierer med inntaket av mellom anna polyumetta feittsyrer. I eit forsøk med tilskot på 60 mg alfatocoferol/dag til ein vitamin-E-fattig diett klarte ein å oppnå eit blodnivå som låg over det ein meiner er minimum, nemleg 0,001 mg /ml
  Fôrslag Vitamin-E innhald

(Mg/kg tørrstoff)

  Ferskt gras 111
  Surfôr, god kvalitet 77-86
  Surfôr, middels kvalitet 21
  Høy nyslått tørka 19-27
  Høy fjorgamalt 14

Tabellen viser at det er berre god silo og nyslått gras som kan gje nok vitamin utan bruk av tilskotsfôr.

topp

Korleis lam får i seg Selen og vitamin-E

Placenta

Råmjølk

Gras

Selen går over placenta, men det er berre lite vitamin-E som passerer. Lammet må difor få Vitamin-E gjennom råmjølka.

Når Lammet kjem ut på beite, stig mengda vitamin-E i blodet, då ferskt beitegras inneheld mykje Vitamin-E, selenkonsentrasjonen i blodet endrar seg lite.

topp

Sjukdommar knytte til Selen/vitamin-E mangel

Ernæringsbetinga muskeldegenerasjon

Svaktfødde lam

Dette er lam som døyr tidleg, etter nokre få dagar med litt anstrengelse, eller det kan vera daudfødde lam. Diagnosen er lett å forveksle med andre sjukdommar som opptrer på same tid. Det er noko usikkert kor stor betydning den har under våre forhold.

Lam som er frå ei veke til 3 månader gamle

Årsaker Lamma er i rask vekst og dei har hatt for lite inntak av selen og/eller vitamin-E. Lamma kjem i auka aktivitet, det gjer at, oksygenopptaket og metabolismen aukar. Graset om våren inneheld mykje vitamin-E og det blir rett nok auka opptak av vitamin-E når lamma tek til å eta groe. Men det ser ut til at vitamin-E konsentrasjonen i blodet må vera tilstrekkeleg før lamma blir sleppt ut for at det ikkje skal bli mangelsymptom.

Sjukdommen kan også utløysast ved stress som dårleg ver, transport, handsaming o.l. I tillegg vil fôring med mykje polyumetta feittsyrer verka predisponerande. Dette kan gjelda lam som blir fôra opp kunstig.

Kliniske symptom Sjukdommen er mest vanleg i denne aldersgruppa. Hovudvekta kjem i alderen 3-6 veker. Symptoma viser seg etter utslepp. Desse lamma kan ha pustevanskar p.g.a at diafragmamuskulaturen er affisert og det kan bli sekundær pneumoni. Symptoma varierer frå litt stivheit til pareser. Dei kan stå med krokut rygg, har vanskeleg for å gå og rygg- og lårmuskulaturen kan vera litt oppsvulma. Etter kvart blir det vanskelegare å stå og dei ligg, men dei er vanlegvis feberfrie og har framleis matlyst.
Patologi Den medfødde forma av EMD kan gje få patologiske funn. Det er hjertemuskelen som er affisert, ikkje skjelettmuskulaturen. Det kan vera kvite parti i hjertemuskulaturen.

Hjå eldre lam finn ein forandringar bilateralt i rygg, nakke og lår. Muskulaturen er bleik, tørr og kan vera litt oppsvulma, ødematøs.

Diagnose Kliniske symptom er nokså typiske for denne tilstanden, samt tida den opptrer på. Men ein kan forveksle den med mellom anna polyartritt, pneumoni og ryggmargabscessar. Ryggmargsabscessar kan i visse deler av landet vera ein viktig differensialdiagnose. I Rogaland vil eit lam som på Austlandet ville fått diagnosen muskeldegenerasjon mest sannsynleg ha anten ryggmargsabscessar eller artrittar. Dette kan vera eit besetningsproblem, og såleis ha same forløp i besetningen som muskeldegenerasjon, med mange sjuke lam.

Ein annan sjukdom som opptrer på same tid, er infeksjon med E.Coli . Den er lett å skilja patologisk, særleg ved dei typiske funna av fibrinbelegg i lunger, hjernehinner og andre organ.

Dette berre understrekar kor viktig det er å obdusera.

Ein vil finne auka mengder Creatin Kinase i blodet på grunna av lekkasje frå skadde muskelfibrar.

Mangeltilstand kan ein påvise ved å måle Selen i blod, eller ein kan bruke aktiviteten av Glutathion peroxydase som eit mål på selenstatus. Sjølv om selensatus er optimal, kan ein vitamin-E mangel vera årsak til auka risiko for sjukdom.

Behandling Det er anbefalt å gje 6 mg Se/100 kg kroppsvekt som Natrium selenitt pluss vitamin E, 300mg /100 kg kroppsvekt. Men det er vanleg å gje noko meir, f eks 5 ml ADEsan® + 1ml Selenevit® eller Tocosel® s.c. til eit lam på 3 - 6 veker. Ein kan gje tillegg av vitamin-E dei fyrste 3-4 dagane. Det blir også anbefalt å behandla resten av lamma i flokken profylaktisk med selen og vitamin-E når det dukkar opp tilfelle av muskeldegenerasjon. Etter behandling er det vanleg å sjå betring etter ein dag dersom sjukdommen ikkje har vara for lenge.

topp

Forebygging

Fôring Vitamin-E passerer berre i liten grad over placenta og det er viktig at selenbehovet blir dekt for at lammet skal vera best mogeleg beskytta ved fødsel. Ein skal likevel vera klar over at vitamin-E tilførsel er nødvendig. Begge komponentane må til for at lammet skal oppnå eit fullverdig vern mot muskeldegenerasjon. Og straks lammet frå i seg råmjølk, vil vitamin-E innhaldet i blodet gå kraftig opp. Fôret bør ikkje innehalda mindre enn 0,2-0,3 mg Se/kg. Anbefalt dagsdose til sau er minimum 30g Se/dag, men den bør vera på 0,07-0,4 mg Se. Tilskot av mineralblanding/kraftfôr og eller saltstein er difor nødvendig under våre forhold.

Ved ein dagsdose av ein mineralblanding som inneheld 20 mg Se/kg på 10 g, vil sauen få i seg 0,2 mg Se/dag. Dette skal vera nok. Dersom det i tillegg blir gjeve 0,1 kg kraftfor med 0,20 mg Se/kg, blir det eit tillegg på ca 0,02 mg Se/dag. 1,5 kg høy inneheld frå 0,08-0,8 mg Se. Berre høy og kraftfôr blir for lite til å dekka behovet, så det kan også vera behov for saltstein og/eller mineralnæring.

Injeksjon søye Det blir også brukt seleninjeksjon i søya før lamming for å førebyggje EMD på lamma. Selen skal inkorporerast i Glutathion peroksydase, og det treng det tid til. Ein får difor ikkje rask virkning av ein seleninjeksjon. Dette bør gjerast seinast 6 veker før lamming.

Selen finst som Natrium selenitt og som selenat. Selenitt er raskt oppløyseleg og har ein toksisk risiko frå 1:2 til 1:5. Skal ein gje ein injeksjon med depotvirkning, er angitt at ein bruker f eks barium selenat i ein dose på 1,2 mg Se/kg levande vekt (Deposel®, ikkje registrert) .

Ein resept som bl a er brukt av distr. vetr. Leif Homme er denne:

  • Inj. bariumselenat 25mg / ml
  • in cera alba 2%
  • oleum aracidis 98%

Dssn

1 ml pr vaksen sau

Det kan brukast vompellets.

Injeksjon lam Ein bør gje ei blanding av selen og vitamin-E. Ein bør i alle fall gje vitamin-E då det har snøggaste virkninga.
  • Selenevit® eller Tokosel® 1 ml før utslepp.
  • Natrium selenitt, 20mg/ml. 5 ml blandast med 100ml ADEsan® (50mg tocoferolacetat/ml) Dosering pr lam: 1 ml før utslepp
Gjødsel Det kan brukast selenhaldig gjødsel, noko som er gjort i Finnland i fleire år.

topp

Andre sjukdomstilstandar p.g.a Selen / vitamin-E mangel.

Ill-Thrift Ill-Thrift “Vantrivsel” er kjent frå deler av New Zealand og andre stader.

Lamma kan vera normale dei to-tre fyrste månadene, men så får dei nedsett appetitt og nedsett vekst. Av og til får dei diaré. Det blir likevel antyda at det kan vera andre faktorar enn ein rein selenmangel som ligg til grunn for dette komplekset. Det er ingen spesielle patologiske funn utanom avmagring på desse dyra.

Koboltmangel vil gje liknande symptom. I visse område av landet, f eks Rogaland, har dette vore eit problem. Martha Ulvund har kartlagt denne sjukdommen hjå oss. Sjukdommen har også namnet Ovine White Liver Disease (OWLD) p. g. a. patologiske forandringar i levera. Den opptrer utover sommaren og hausten med nedsett vekst og utrivnad. Lamma blir slappe og får ru og tørr ull. Dei kan få skorper på øyro og ha tåreflod. Sjukdommen kan forebyggjast ved å tilsetja kobolt til kunstgjødsel, saltsteinar og kraftfôr, eller ved å leggja inn vomtablettar profylaktisk.

Nedsett vekst Vekstauke etter tilskot av selen er undersøkt i besetningar med ein selenkonsentrasjon i fôret på under 0,05 mg Se /kg fôr. Blodverdiane av selen var også låge i desse dyra (<0,02 mg/l, normale verdiar er 0,1 - 0,2 mg/ml blod). Det vart påvist auka vekst etter tilskot av selen.
Tilbakeh

etterbyrd

I storfebesetningar med ein insidens av tilbakeholdt etterbyrd på over 10% har ein funne positiv effekt av tilførsel av selen/vitamin-E. Det er ikkje undersøkt på sau.
Nedsett fertilitet Effekten av selen/vitamin-E på fertiliteten er undersøkt på søyer med mangel på selen. Det vart påvist ein auke i overlevelse av spedlam, men ikkje auke i antal lam født.
Mastitt Det er undersøkt om selen/vitamin-E har virkning på mastittfrekvensen på ku. Det er ikkje funne nokon slik samanheng her i landet, men i USA er det gjort forsøk som tyder på at det er ein positiv effekt av tilskott på mastittfrekvensen.
Immun-forsvaret Eksperimentelt er det funne positiv samanheng mellom tilførsel av selen/vitamin-E og immunrespons etter vaksinering. Dersom dette skulle vera rett også under praktiske tilhøve, må ein gå ut frå at ein søye med låg selenstaus vil ha dårlegare nytte av ein vaksinasjon før lamming mot for eksempel enterotoksemi eller tetanus, og at lamma under slike søyer er mindre verna mot desse sjukdommane enn om søya hadde hatt ein optimal selenstatus. Det er nemnt at luftvegsproblem og diarétilstandar kan bli verre ved ein låg selenstatus.

Konklusjon

I Innlands-Noreg er det nødvendig med tillegg av selen/vitamin-E til fôret. Dersom ein der fôrar med høy og lite eller ikkje kraftfôr, kan ein vera sikker på at ein påfører sauen ein selen /vitamin-E mangel. Brukar ein silofôring, kan ein unngå mangelsjukdom dersom siloen er av god kvalitet og inneheld nok vitamin-E, slik som det ofte er tilfelle i f eks Rogaland. Det er utan tvil det beste å tilføra nok selen/vitamin-E gjennom heile innefôringssesongen samt gje saltsteinar som er tilsett selen når dyra går på beite.

Ein må av og til gje selen/vitamin-E injeksjonar som forebyggande behandling. Men dette bør ein prøva å koma bort frå, blant anna fordi det er liten margin før ein kjem opp i toksiske dosar Natrium Selenitt. Det er behov for ein jamn tilførsel heile året, for sauen skal ha eit så godt gunnlag som mogeleg for å unngå sjukdom, også utanom lammingssesongen

. topp

Sjå også: Selen og vitamin-E (Buskap)

Referansar:

  • Veterinary Medicin. Radostits, Blood & Gay s.1408.
  • Diseases of Sheep. W.B. Martin and I. D. Aitken. 2nd. ed. 1991 s. 243
  • Optimalt selentilskudd til sau. G. Øvernes, Småfenytt 1986 nr 1 s.10
  • E-vitamin hjå sau og lam .G. Øvernes & al. NVT 1985 nr 3 s. 173
  • Problems on Selenium in Animal Nutrition, Norwegian Journal of Agricultural Sciences, Supl. No. 11 1993
  • Vitamin E og Selenstatus hos norske mjølkekyr - sammenheng med fôring, helse og smaksfeil på mjølk. G. Øvernes & al. Husdyrforsøksmøtet 1994 s 221
  • Influence of selenium on antibody production in sheep. H.J. Larsen, K. Moxnes & G. Øvernes, Research in Veterinary Science 1988, 45, 4-10.
  • Effect on Selenium on sheeep lymfocyte responses to mitogens. H.J. Larsen, G. Øvernes & K. Moxnes, Research in Veterinary Science 1988, 45, 11-15

Mekanismer.

Selenkonsentrasjonar og krav til Selen i fôret. 

Innhald av vitamin-E i forskjellige fôrslag.

Korleis lam får i seg Selen og vitamin-E

Sjukdommar knytte til Selen/vitamin-E mangel

Forebygging

Andre sjukdomstilstandar p.g.a Selen / vitamin-E mangel.

Referansar:

aaaaaaaaaaaaaaaaa
Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 10.01.2008