firkant Småfesidene
bordov


Hovedside sjukdommar Om forebygging av sjukdomNokre nyttige linkarSøk i småfesidene Informasjon om sidene

SPENESJUKDOMAR HOS SØYE OG GEIT

 

Frå Praksisnytt nr 2 1998 side 43

Gunvald Mosdøl, IRR, Norges veterinærhøgskole

Innleiing

I fylgje den årlege sjukdomsstatistikken for 1994 til 1996 vart i underkant av 0,1% av alle vinterfóra sauer og geiter registrert med speneskadar av veterinær (1). Denne statistikken gir ikkje eit heilt korrekt bilete av insidensen, sidan sjukdomstilfella som vart behandla berre av eigaren, ikkje kom med. Speneskadefrekvensen er større hos søyer som går på strekkmetallrister samanlikna med trespaltegolv og talle (2). I Valle, Bykle og øvre del av Bygland

kommune var fordelinga av golvtype i sauefjøsa våren 1998 slik: 

  • 64,0% hadde strekkmetallrister
  • 26, 1% talle 
  • 9,9% trespaltegolv(Mosdøl, upubl.). 

I same området var golvtypen i tidsrommet 1982-1984 i 

  • 43,6% strekkmetallrister, 
  • 35,0% talle 
  • 21,4% trespalter (2). 

Frekvensen av speneskadar var 7,4 gonger høgare på søyer med mastitt

samanlikna med resten av søyepopulasjonen (2). 1 totalpopulasjonen vart det funne spenesar på 14,4% av dei søyene som gjekk på strekkmetallrister, 6,0% av dei som gjekk på talle og 5,5% av dei som gjekk på trespaltegolv. Spenesår opptrer oftast rundt lamming og ved uhell under klippig vår og haust. I tillegg er mastittfrekvensen størst rundt lamming og 2-3 uker etter lamming då tennene på lamma har brote fram og tjuvpatting er vanleg (3). Geitene kan skade spenane når dei hoppar opp på mjølkepallen. Sidan strekkmetallrister dominerer som golvtype både i saue- og geitefjøsa i dag og innefóring av søyene er vanleg i minst 14 dagar før beiteslepp, blir speneskadar eit problem også i tida framover i småfehaldet. Tronge og overfylte bingar forsterkar dette problemet.

Akutte speneskadar

Akutte spenesår kjem av ytre traumer av ulike slag. Det er vanleg å gradere akutte speneskadar i tre, alt etter lokaliseriga og omfanget av skaden. Første grads speneskade omfattar berre overflatiske spenesår, andre grads speneskade omfattar berre indre skadar og ved tredje grads speneskade er det både ytre og indre skade. Uhell under klipping vår og haust er velkjent. Speneskadar under klipping skjer oftast på 1/2- eller 1 -åringar på grunn av små

spenar og mykje ull i området rundt spenane før ungsøyene har sett skikkeleg jur. Spenetrakk utførde av kollegaer i overfylte bingar rett før lamming eller kjeing er ikkje uvanleg. Søyer og geiter med side jur og store spenar er mest utsatte. Kraftig jurødem forverrer situasjonen. Spenelengda varierer frå 20 til 69 mm og spenediameteren målt midt på spenen frå 10 til 38 mm hos geit (4). Eit-åringane har signifikant mindre spenar enn eldre geiter (4). Liknande forhold gjeld for spenestorleiken hos søye. Ved speneskade vert distale del av spenen mest vanleg råka.

Behandlinga er kirurgisk. Perforerande spenesår er det viktig å sy straks etter dei er oppstått. Det er best å sy slimhinna separat fortløpande med tynn resorberbar tråd og atraumatisk nål. Resten av såret lukkast med avbrotne ikkje resorberbare suturar. Skjer skaden i sintida bør Bengen spenestift@ nyttast for å hindre samanvaksing i spenecisterna og/eller spenekanalen. Ved stygge speneskadar rundt lamming eller kjeing er det viktig å oppnå

skikkeleg drenasje under helingsprosessen for å oppnå funksjonsdyktig jurkjertel. Papinyl@eller Dyekjær®-spenekanyle bør då nyttast som tilleggsbehandling. Antibiotika må alltid appliserast i den aktuelle kjertelen. God bandasje er viktig.

Bittsår og abscessar i speneveggen

Søyer med tvillingar eller fleire lam er meir utsatte for hudsår på spenane enn søyer med enkeltlam. Grunnen er kraftig pågang frå lamma som skadar huda med tennene som vanlegvis er brotne fram ved ei vekes alder. Slike sår oppstår oftast ved spenebasis på spenens kaudalside. Etter kvart som lamma veks til vert fórkravet større. Vanlegvis går fleire søyer saman i felles binge. Tjuvpatting bakanfrå av framande mødre er ikkje uvanleg. Søyene freistar kome seg vekk frå det framande lammet, som på si side held fast i spenen så langt råd er. Små hudskadar lokalisert midt på spenens framside hender ofte. Desse vert innfallsportar for bakteriar, oftast Staphylococcus aureus, som dannar abscessar i speneveggen. Liknande pyodermi er ikkje uvanleg kaudalt på geitejur som peikar sterkt bakover. Restar etter lochialvæska kombinert med urinirritasjon gjev godt grunnlag for bakterievekst.

Spreiing av ecthymavirus (parapoxvirus) frå munnsår på lamma eller kjea til spenen til mødrene er ikkje uvanleg. Problemet med desse skadane er at spenane vert svært ømme. Mordyret tillet ikkje at avkomet syg, og dermed vert mastittfaren stor.

Det er viktig å oppdage desse hudsåra raskt. Palpering av alle jur og spenar morgon og kveld er viktig. Jurtømminga må sjekkast. Er denne mangelfull, må handmjølking instituerast. Modne speneabscessar skal spaltast og tømast. Bruk av blautgjerande eller tørrande salvar er greit å nytte etterpå. Overflatiske bittsår kan behandlast med Pasta sulfathiazol 10% eventuelt i kombinasjon med adstringerande midlar morgon og kveld. Fargeantiseptika kan nyttast på ecthymasår 2 gonger dagleg.

Kroniske speneskadar

Låg eller høg skillevegg er eit resultat av avheling av tidlegere kroniske bittskadar i spenecistemen eller spenekanal. Liknande skadar kan oppstå etter uheldig maskin- eller handmjølking av geit. Båe typar kan vere anten fullstendig eller ufullstendig. Skadane oppstår gjennom tidlegare laktasjonsperiodar medan helingsprosessane held fram gjennom påfylgjande sinperiode. Høg skillevegg er lokalisert på overgangen mellom spene- og jurcisteme, medan låg skillevegg oppstår mest vanleg i områdt rundt 1 cm proksimalt for den Fürstenbergske rosetten.

I samband med kronisk mastitt som utviklar seg i sinperioden, oppstår det også kronisk thelitt. Ein fast kompakt streng kan då palperast midt i spenen. Spenen er då tett, noko som vanlegvis ikkje vert oppdaga før neste laktsjon.

Behandling av høg skilleveg og fibrotisk spenecisterne har dårleg prognose. Behandling av låg skillevegg har betre prognose. Etter kirurgisk opning av spenen, er det viktig med hyppig utmjølking for å hindre attgroing. Vidare bør eigaren sette ein intramammarie som inneheld 300 mg prokainpenicillin 4 kveldar på rad. For at søya skal tole at lamma syg, er det ein føremon å gje smertestillande middel. Initialt kan det gjevast ketoprofen, 3 mg/kg kroppsvekt i.v. Deretter kan ein gje 100 mg/kg kroppsvekt acetylsalisylsyre 2 gonger i døgnet.

Profylakse

Det er viktig å skille nylamma søyer og nykjea geiter frå resten av flokken slik at unødvendig tramping på jur og spenar unngås. Etter to døgn kan dei så gå i felles binge igjen. Kvar søye eller geit med tvillingar må ha 1,3 m 2 golvplass og 80 cm spiseplass til disposisjon (Mosdøl,upubl.). Då vil lamma etter kvart som dei veks til, få høve til å kome fram til matfatet til mora og dermed redusere speneslitasjen. Det bør ikkje gå meir enn seks tvillingsøyer per binge for å ha god oversikt. I tillegg blir risikoen for haletramp på lamma mindre. For å oppnå godt behandlingsresultat er det ein føresetnad at sjukdomen vert oppdaga i tide. Palpasjon av jur og spenar morgon og kveld i innefóringsperioden bør difor innarbeidast i det daglege stellet. Gode mjølkesøyer med berre eit lam må ein sjå nøye etter. Vert ikkje juret tømt skikkeleg på båe sider, må søya handmjølkast. Følg godt med søyer som har adoptert lam. Slike lam må ofte slå seg til tols med å suge bakanfrå for at søya vil akseptere suginga. Faren for spenesår og eventuell speneabscess i speneveggen på spenens framside er stor.

For geitene er det viktig at høgda opp på mjølkepallen ikkje er høgre enn 60 cm for å unngå unødig slag og trakk på jur og spenar. Mjølkepallen bør vere utforma av tre. Oppdagar ein uttrekte spenekanalar i ein geitebuskap er det uheldig mjølkeprosedyre og/eller tekniske fell ved mjølkeanlegget som gjer til dette. Også hos geit er jurstimulering, før mjølking viktig (5).

Referansar

  1. Sjukdomsstatistikk 1994, 1995 og 1996. Statens dyrehelsetilsyn. Pob. 8147 Dep., 0033 Oslo.
  2. Indrebø, A. Mosdøl G. Mastitt hos søye. Bakteriefunn og følsomhet for antibakterielle midler. Nor Vet Tidsskr 199l; 103: 107-13 
  3. Indrebø, A.: Mastitt hos søye. NVH. Thesis 1990.
  4. Mosdøl,G.: Spenemål hos geit. Nor Vet Tidsskr 1979; 91: 589-94.
  5. Mosdøl, G.: Teat canal diameter and milking-out characteristics in the goat. NVH. Thesis 1980.

 


Sjå også:
Mastitterapi.
Av Grete Steihaug

aaaaaaaaaaaaaaaaa
Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 10.01.2008