![]() |
|||||||||||||
|
Listeriose Av Hallstein Grønstøl Bakterien Listeria monocytogenes er årsak til fleire
sjukdomsformer både hos folk og dyr. Dei vanlegaste formene er hjerne-
og hjernehinnebetennelse, abort, septikemi, augnebetennelse, paplar
i huda, endokarditt og pneumoni. Omgrepet listeriose er likevel særleg
knytt til hjerneforma. Bakterien blei fyrst påvist som sjukdomsårsak i 1926,
då han blei isolert frå eit utbrot av septikemi hos kanin. I 1929 blei
listeriabakteriar isolerte frå folk med infeksiøs mononukleose. 1 1931
blei bakterien dyrka frå sauer som hadde stroke med av hjernebetennelse
(circling disease), og i 1940 frå aborterte sauefoster. Her i landet var Grini den fyrste som dyrka bakterien,
frå eit utbrot av hjernebetennelse hos sau på Jæren i 1942. Seinare
er bakterien blitt isolert frå fuglar, dyr og folk her i landet, og
listeriose må i dag reknast som ein av dei mest tapsbringande sjukdommane
i småfehaldet. Listeria monocytogenes er ein liten, grampositiv stav,
1-2 p lang. Bakteriane ligg ofte saman i pallisadeform. Dei veks godt
på vanlege medier, slik som på blodagar og tryptoseagar. På blodagar
finst det ofte ein smal hemolysesone rundt koloniane. På tryptoseagar,
som er eit klårt medium, ser koloniane blålege ut dersom lyset kjem
opp gjennom skåla i ein vinkel på 45o og me ser på dei i lupe eller
stereomikroskop med lita forstørring. Denne blåfargen er karakteristisk
for listeriakoloniar og kan brukast til å skilja dei frå andre typar
bakteriekoloniar. Listeriabakteriar veks best i nøytrale media, men dei
kan veksa i media der pH er innan grensene 5-10. Dei veks og innan temperaturgrensene
3-45oC, med sterkast vekst i området 30-37oC.
Dei kan røra seg ved romtemperatur, men ein del av dei misser denne
evna når dei veks ved 37oC. Bakteriane veks best i 10% C02
atmosfære. Ved utsæd i halvflytande agar veks dei i sonar omlag 5 mm
under overflata når dei blir dyrka ved romtemperatur, og dette er nokså
karakteristisk for listeriabakteriar. Veksten blir og stimulert ved
tilsetjing av blod, serum og glukose til mediet. Bakteriane er virulente for mus, og 0.1 ml av ein kultur
dyrka ved 37oC i eitt døger drep vanlegvis mysene 1-3 døger
etter intraperitoneal injeksjon. Listeriabakteriar isolerte frå patologisk materiale
veks stort sett i S-form. Dette er den virulente forma. Men nokre kan
dissosiera til R-form. Bakteriane ligg då ofte i lange filament, og
koloniane er ruglete på overflata og misser den karakteristiske fargen
på tryptoseagar. Ved særleg ugunstige tilhøve kan bakteriane gå over
til L-form. Dei misser då den stive celleveggen og kan leva og formeira
seg i ei mykoplasma-liknande form. Påverknad på t.d. penicillin, antistoffkomplementkompleks
og lysozym kan føra til slike endringar. L-forma ser ut til å vera vel
eigna til å sleppa unna verten sitt immunforsvar. Når tilhøva betrar
seg, og stoffa som har indusert og endringane er borte, kan truleg L-forma
revertera til den originale S-forma. Denne mekanismen er truleg ein
måte å svekkja verknadene av verten sitt immunforsvar. Listeriabakteriane blir drepne ved pasteurisering og
kjemisk desinfeksjon, men kan overleva lenge i naturen. Dei tåler godt
frysing og høge saltkonsentrasjonar. Bakteriane kan klassifiserast ved
serotyping, biokjemiske reaksjonar og fag-typing. Det finst fleire serovariantar av Listeria monocytogenes.
Her i landet er det særleg serovariantane 1/2a og 4b som er årsak til
sjukdomsutbrot både hos folk og dyr. L. ivanovii er ikkje påvist her
i landet. Denne bakterien skil seg på L. monocytogenes ved breiare hemolysesone
på blodagar og ved å gje berre abort, ikkje hjernebetennelse. sjølv
om listeriabakteriar veks godt på vanlege medier, kan det vera vanskeleg
å isolera dei. Særleg vanskeleg kan det vera å isolera bakteriane frå
hjernar frå dyr som er blitt kraftig behandla med antibiotika. I slike
tilfelle nyttar me oss av bakteriane si evne til å veksa ved 40C. Hjernevev
knust i fosfatbuffer blir halde ved denne temperaturen i månadsvis,
og prøven blir sådd ut ein gong i måneden. Slike prøvar kan bli positive
etter oppformeiring i fleire månader. Grunnen til desse vanskane kan
vers at bakteriane ligg intracellulært og fyrst blir frigjorde etter
autolyse av cellene, medan alle bakteriar som har vore ekstracellurært
er blitt drepne av antibiotika. Finst det andre bakteriar i prøven, kan listeriabakteriane
lett bli overvaksne. Dette skjer som oftast når me dyrkar silo- og faecesprøvar.
Det er difor naudsynt å dyrka slike prøver på selektive medier. Desse
mediene inneheld stoff som hemmar ve sten av storparten av dei andre
bakteriane, utan å verka inn på veksten av listeriabakteriane i nemnande
grad. SJUKDOMSFORMER Subklinisk infeksjon er nok den vanlegaste, men
blir sjeldan oppdaga. Dyra sturer litt i nokre dagar, har feber, nedsett
matlyst, kan ha diaré, men organismens sjukdomsforsvar tek lett hand
om infeksjonen. Hjernebetennelse er den vanlegaste kliniske sjukdomsforma
hos sau og geit. Årleg blir denne sjukdommen rapportert frå 2000-2500
saueflokkar og frå 150-200 geiteflokkar. Opptil 4% av dyra i flokken
blir sjuke, og omlag 60% av dei sjuke dyra stryk med, trass i behandling. Septikemi viser seg helst hos unge
dyr, mindre enn to veker gamle. Eldre dyr med nedsett motstandskraft
kan og få denne sjukdomsforma. Sjukdommen er påvist oftare hos geit
enn hos sau, og oftast hos høgt drektige dyr. Dyra har høg feber over
lengre tid, og nokre kan stryka med. Abort er ein fylgje av at drektige,
ofte høgt drektige dyr får ein Subklinisk eller septikemisk listeriainfeksjon.
Bakteriane vil då kryssa placenta, gje ein placentitt og infisera fosteret,
som får ein septikemi. Oftast vil det stryka med, men skjer infeksjonen
svært seint i fostertida, kan dyret bli fødd levande, men svakt, med
betennelsesprosessar i indre organ. Abort ser ut til å vera vanlegare
hos geit enn hos sau. Augnebetennelse på grunn av listeriabakteriar
er påvist både hos storfe og sau her i landet. Endokarditt,- myokarditt og pneumoni er meir
sjeldne former for listeriainfeksjonar. KLINISKE SYMPTOM
Nokre dyr, og særleg slike som er høgdrektige, kan visa
andre symptom. Dei blir nedtrykte, sløve og tilstanden liknar mykje
på mjølkefeber. Diagnosen er vanskeleg å stilla, og dyra stryk som regel
med. Ein stor del av geitene, både sjuke og friske, skilde
ut listeriabakteriar i faeces og mjølk. Dei sjuke geitene utvikla høge
antistofftiter mot listeriabakteriar i blodet. Etter behandling med
antibiotika avtok symptoma. Omlag 3 veker etter at utbrotet starta,
blei fleire geiter sjuke med symptom på hjernebetennelse. Dette var
geiter som ikkje hadde vore sjuke tidlegare. PATOGENESE OG PATOLOGI Men etter kvart som den spesifikke immuniteten kjem
i gang, blir bakteriane nøytraliserte og sjukdomssymptoma forsvinn. Nokre bakteriar trengjer gjennom slimhinna i kjeften,
når hjernenerver, trengjer inn i desse og vandrar intraaksonalt til
hjernen. Under denne vandringa er bakteriane delvis verna mot verten
sine forsvarssystem. Dei når opp til hjernen i ponsområdet, og vandrar
vidare langs nervefibrar. Men no blir dei i sterkare grad utsette for
verten sine forsvarssystem, og resultatet er ein betennelse. Neutrofile
leukocyttar dominerer i fyrstninga, deretter er mononukleære celler
vanlegast. Nevronar i det affiserte området blir og skada, ofte utan
at bakteriar kan påvisast i cellene, truleg som ein fylgje av immunopatologiske
prosessar. I langt framskridne prosessar er aktiverte makrofagar
dei vanlegaste cellene, same slags celler som ein finn i cerebrospinalvæske
på dette stadiet. En sterk immunopatologisk reaksjon kan ofte gje store
skadar i hjernen og vera årsak til mange sjukdomsteikn ved listeriose. Det er lite spesielt å finna ved obduksjonen. Hjernehinnene
er oftast karinjiserte, dyret kan ha endophtalmitt på eine eller på
begge sidene, og innhaldet i duodenum kan vera blodig. Dei histologiske funna er nokså spesifikke. I pons finst
samlingar av kvite blodceller rundt kara (cuffing), mikroabscessar i
hjernevevet og av og til massive celleinfiltrasjonar i hjernevevet.
Liknande reaksjonar kan og finnast i medulla oblongata, metencephalon,
cerebellum og av og til i cerebrum. Dersom sjukdommen har vart ei stund,
kan ei uttalt demyelinisering vera til stades i pons. Dette er meir uspesifikke reaksjonar, som og tyder i
retning av ein immunpatologisk etiologi. GRANSKING
AV BLOD OG CEREBROSPINALVESKE Cerebrospinalvæska er blakka og kan innehalda fibrin.
Celletalet er sterkt auka. I fyrste fase av sjukdommen dominerer dei
neutrofile cellene, seinare blir cellebildet dominert av makrofagar.
Glukose- og proteinverdiane er auka. Listeriabakteriar kan sjeldan isolerast
frå spinalvæska til småfe med typiske symptom på hjernebetennelse. Men
endringane i væska er likevel så typiske at dei kan brukast som grunnlag
for ein nokså sikker diagnose under våre tilhøve. BEHANDLING Den vanlegaste behandlinga av listeriose har til nå
vore store mengder antibiotika eller sulfa. Sjølv om dei aller fleste
antibiotika har god verknad mot listeriabakteriar in vitro, kan resultatet
av behandlinga vers dårleg fordi berre ein del av medikamenta trengjer
gjennom hjernebarrieren. Og sjølv on konsentrasjonen blir stor nok til
å drepa bakteriane, kan dei alt ha gjort så stor skade på hjernevevet
at behandling er nyttelaus. Det er difor viktig å koma tidleg til og
bruka store dosar. Men skaden på hjernevevet kan alt vera så stor når
dyra viser dei fyrste symptoma på sjukdommen at behandling ikkje nyttar. Når bakteriane trengjer inn i hjernen, set dyra i gang
forsvarsmekanismane og reparasjonsprosessane sine. Desse kan bli så
omfattande at dei skadar hjernevevet. Desse skadane ser ut til å vers
ein viktig del av sjukdomsbildet og er truleg årsak til den relativt
dårlege effekten av behandling. Dei fleste dyra har svelgparese og er ikkje i stand
til å få i seg mat eller drikke ved eiga hjelp, Dei blir fort dehydrerte,
og det er viktig å gje dei væske. Dette blir stort sett gjort pr.os.,
med fare for feilsynkning. Den intense antibiotikabehandlinga har uheldige
verknader på vomfuksjonen, og det kan vers gunstig å tilføra eit vomstimulerande
preparat. Omlag 60% av dei sjuke dyra stryk med. Når det gjeld
dei andre 40%, kan det gå dagar, kanskje opptil ei veke før ein ser
teikn til betring. Så ein bør ikkje gje opp for fort. Nokre dyr kan
få varigt mein av sjukdommen. IMMUNITET Listeria monocytogenes er ein intracellulær parasitt.
Når bakteriane har trengt inn i cellene, er dei stort sett beskytta
mot antistoff og antibiotika i blodet. Antistoff kan ha ein viss verknad
så lenge bakteriane finet fritt i blodet, og i den perioden set verten,i
gang ein auka produksjon av slike antistoff. Men det viktigaste forsvaret
er cellebunden immunitet.. Ein listeriainfeksjon kan bli slått ned av
aktiverte makrofagar. Det beste forsvaret er å auka dyra sin immunitet
mot listeriabakteriar. Dette kan gjerast gjennom vaksinering. Men vaksinen
må vara slik at han stimulerer det cellebundne immunapparatet. Det ser ut til at lam og ungdyr som blir sjuke om hausten,
overlever lettare enn drektige dyr som blir sjuke fram tom lamming/kjeing.
Dette kan ha samanheng med at dyra si motstandskraft blir svekka gjennom
dei hormonelle endringane som skjer i slutten av fostertida, slik at
sjukdommen rammar alvorlegare då. Det kan sjå ut som om foringa verkar inn på sjukdomsforsvaret
til dyra. Det ser ut til å vers ein samanheng mellom siloforing og listeriose.
På Island meiner dei dette er så tydeleg at dei kallar listeriose for
"votheysveiki" (silosjuke). I anamnesen til mange listeriosetilfelle går det fram
at dyret blei sjukt 2-3 veker etter at siloforinga starta, eller at
det var eit skifte i silofor på denne tida. Det er vist at surfor kan
innehalda listeriabakteriar. Det er og grunn til å tru at siloforinga
i seg sjølv kan setja ned dyra si motstandskraft. Siloforing ser ut
til å gje metabolsk acidose. Dette hemmer kroppen si evne til å danna
antistoff. Korleis acidose verkar på kroppen sin cellebundne immunitet,
er ikkje klarlagt, men det finst kanskje en samanheng her og. EPIDEMIOLOGI I dag er det stort sett forhaustarar som slår graset
i siloslåtten. Forhaustaren tek og med seg gjødselrestar, grastorver
og jord, ved sida av graset, og alt dette blir lagt i siloen. Sjølv om konserveringsmiddel blir tilsett, tek det ei
viss tid før surforet får så låg pH-verdi at listeriabakteriane ikkje
kan veksa. I løpet av denne tida aukar talet på bakteriar, seinare blir
det ein reduksjon. Men det finst og stader i siloen der pH ikkje blir
låg nok, til dømes i topplaget, i skiktet mellom to slåttar eller rundt
grastorver. Her er ofte pH høg nok til at bakteriane kan overleva. Ved Statens veterinære forsøksgard blei meir enn 300
prøver frå over 100 gardar undersøkte for listeriabakteriar, og bakteriane
blei funne i ein stor del av desse siloprøvene. Det viste seg at til
høgare pH var, til fleire prøver kunne bakteriane isolerast frå, som
vist i denne tabellen: I ei islandsk gransking, blei flokkar fora med surfor
samanlikna med flokkar fora med høy, med omsyn til listeriose. Det viste
seg at i løpet av ein 5 års-periode var det utbrot av listeriose i 57
% av siloflokkane og i 1 % av høyflokkane. Ein stor del av dei friske dyra er truleg bærarar av
listeriabakteriar. For å granska dette litt nærare, undersøkte me bakteriologisk
fleire organ frå årslam slakta i mars, i alt 15 lam. 10 av desse hadde
fått ein kultur av listeriabakteriar pr. os nokre månader tidlegare.
Dei hadde då feber i 2-3 dagar, men viste ikkje teikn på sjukdom seinare.
Etter slakting blei listeriabakteriar isolerte frå hjernane til 5 av
desse og frå 1 av dei andre 5. Vidare blei desse bakteriane funne i
andre organ frå 6 av desse dyra. Same slags gransking blei utført på 68 dyr som var innsende
for obduksjon. På 10 av desse dyra blei diagnosen hjernebetennelse stilt
histologisk, og listeriabakteriar blei isolert direkte frå 7 av 9 av
desse hjernane. Andre diagnosar blei stilte på dei 58 andre dyra. Likevel
blei listeriabakterar isolerte frå omlag 20 % av dei undersøkte organa,
og omlag 1/4 av desse dyra hadde bakteriane i eitt eller fleire organ. Dette tyder på at ein stor del av dei friske dyra er
bærarar av bakteriane. Av anamnesane ved sjukdomsutbrota går det og
fram at dyra oftast blir sjuke etter at dei har vore utsette for ei
eller anna påkjenning, som brå overgang i foringa, store endringar i
temperaturen eller foring med skjemt for. FØREBYGGING I dag er ein vaksine tilgjengeleg. Det er ein levande,
attenuert vaksine, produsert i Bulgaria. Vaksinen har vore prøvd ut
her i landet i fleire år no, og ser ut til å gje rimeleg gode resultat.
I dei flokkane vaksinen er blitt brukt, er listeriosefrekvensen blitt
redusert med 2/3 i gjennomsnitt. Ettersom få dyr i ein flokk får klinisk
sjukdom, er det ofte eit økonomisk spørsmål om ein skal vaksinera eller
ikkje. Dyra bør vaksinerast i god tid før dei blir sette inn for å få
ein optimal effekt av vaksineringa. LISTERIAINFEKSJONAR
HOS FOLK har teke ut foster ved listeria-abort hos storfe. Friske
folk ser ut til å ha stor motstandskraft mot listeriabakteriar. Desse
bakteriane blir helst rekna for å vera opportunistar, dvs. slike som
kan slå til når folk si motstandskraft er svekka. I dei seinare åra har det vore ein auke i talet på listeriainfeksjonar
hos folk, og denne auken har stort sett kome hos folk som har fått transplantert
eit organ eller som er under behandling for kreft. Desse blir behandla
med stråling eller cellegifter (cytostatika) som delvis set immunapparatet
ut av funksjon. Hos slike pasientar er det og beskreve hjernebetennelse
av liknande type som den ein finn hos sau og geit. Desse pasientane har ofte vore på sjukehus i lengre
tid, på isolasjonsavdelingar, og det har vore vanskeleg å finna smittevegar.
Tidlegare har ein trudd at smitten kom direkte frå sjuke dyr. Men granskingar
har synt at mange friske folk skil ut listeriabakteriar i faeces, og
at det ikkje er skilnad i frekvens av utskiljarar mellom folk som har
hatt kontakt med dyr og folk som har vore utan slik kontakt. Det er
rimeleg å tru at folk får i seg listeriabakteriar gjennom maten, og
dei kan bli bærarar av desse bakteriane. Dersom immunapparatet blir
svekka, blir jamvekta mellom verten og bakteriane skipla. og bakteriane
kan bli årsak til sjukdom. NÆRINGSMIDDELHYGIENISKE
ASPEKT Dei blir drepne av varmebehandling (75oC),
men ein del kjøt blir ete i dag utan slik varmebehandling. Bakteriane
tåler og godt frysing og høge saltkonsentrasjonar. Listeriabakteriar kan og skiljast ut i mjølka utan at
dyra viser teikn på mastitt. Men dei overlever ikkje pasteurisering
(72oC i 15 sek.), så konsummjølka er truleg fri for desse
bakteriane. I andre land har det vist seg at svikt i pasteuriseringa
av mjølka har ført til utbrot av listeriose. I Sverige har ost laga
av upasteurisert geitemjølk vist seg å innehelda listeriabakteria. Ettersom bakteriane kan isolerast frå jord og vegetasjon,
er det rimeleg å tru at dei og kan finnast på grønsaker. Dermed kan
folk truleg få i seg bakteriane ved å eta rå grønsaker. Det har vist
seg at folk er blitt smitta av salat som har vore oppbevart i kjøleskap
ei tid. |
|
||||||||||||
Sida
er sist oppdatert den
15.02.2008
|
|||||||||||||