firkant Småfesidene
bordov


Hovedside sjukdommar Om forebygging av sjukdom Nytt/aktueltNokre nyttige linkar Kurs og kongressar Søk i småfesidene Informasjon om sidene

Listeriose etter rundballfôring?


Nils Leine, 2975 Vang i Valdres

Listeriose har i mange år vore omlag ukjent i vårt distrikt. Dette endra seg radikalt i november og desember i fjor. I løpet av den tida hadde vi 32 tilfelle av listeriose fordelt på 7 besetningar. Etter nyttår kom det til ein, slik at det totale talet til no er 33 tilfelle i 8 buskapar.

Vi spør oss om kva det kan vera som gjer at vi får ein slik voldsom oppblomstring av listeriose akkurat no.

Det viser seg at alle med unntak av ein besetning hadde fôra med rundballar. Den eine hadde brukt silo frå året før. Fleire har brukt rundball tidlegare utan at det har vore noko problem.

Utvikling av sjukdommen.

I 3 besetningar vart det berre eitt tilfelle. Ein daua og dei to andre kom seg. I 2 besetningar vart det to tilfelle. I ein av desse vart sauene vaksinert snøgt etter behandling, men ikkje i den andre. Det daua ein sau i kvar av desse. I tre besetningar kom det fleire tilfelle etter kvart. Det vart vaksinert i alle desse tre, relativt snøgt etter starten på utbrotet. Det daua ein del sauer, 4 i ein og 2 i ein. Den tredje med mange tilfelle hadde ikkje noko dødsfall. Det kom nokre fleire tilfelle etter vaksinasjon også, men det har ikkje vore noko nytt tilfelle etter nyttår hjå desse.

Dette var like før paringssesongen, men det har berre vore ein sau av dei som overlevde sjukdommen som ikkje vart para. Ein ver som var tydeleg sjuk, heldt fram med paring etter nokre dagar med ro.

Det var typisk at fleire av dei som daua vart fyrst betre, men så fekk dei tilbakefall etter ca. ei veke og då nytta det ikkje med behandling. Eit fjorlam vart stivt og stod med krokut rygg og gjekk stivt i fleire veker. Dette er no så og seia bra.

Handtering av utbrota.

Alle besetningane fekk beskjed om å halda opp med rundballfôring i to veker.

Den fyrste besetningen vart vaksinert med ein gong, mens vi etter kvart såg det litt an før vi vaksinerte i dei andre besetningane.

Dei sauene som hadde symptom på listeriose vart behandla med 4500 - 6000mg benzylpenicillin i.m.. I tillegg fekk dei 1g thiamin og 4 ml Fluvet. Etterbehandling var ikkje standard. Nokre vart behandla på nytt etter 2 dagar. Dei som ikkje vart betre og dei som fekk tilbakefall vart behandla med tribrissen inj. og tablettar, men det var tilsynelatande ingen effekt av dette.

Vaksinering

Vaksineringa gjekk greitt i tre besetningar. I ein besetning stura alle sauene i ein til tre dagar etter vaksinasjonen. Det vart behandla fleire av desse, og ein av dei daua. I denne besetningen var det ein god del hoste. Det var dårleg ventilasjon i fjøset. Garden driv kombinert geit/sau, men geitene og sauene står ikkje i same rom. Geitene har vesentleg betre fjøsmiljø. Eigaren hadde sortert fôret slik at det finaste vart gjeve til 45 kje, mens det som ikkje var like fint vart gjeve til sauene. Ingen kje vart sjuke.

Avslutning

Trass i relativt store utbrot av listeriose, meiner vi at omfanget av tapa ikkje var uakseptable. Vi vil gjerne ha kommentarar på handteringa av problemet.

Er det rett å vaksinera etter/i eit utbrot?

Er behandlinga god nok?

Kva kan vi gjera for å forebyggja dette for seinare år?

Bør rundballar brukast til sauefôr?


Oversikt over listerioseutbrot i Vang og Vestre Slidre 1997/98

Eigar

Fyrste besøk

Siste besøk

antall sau

antall beh

antall døde

Vaksine

Fôring Merknad

1

06.11.97

10.11.97

85

2

1

x

rundball  

4

17.11.97

11.12.97

105

8

2

x

silo  

2

24.11.97

30.11.97

33

7

0

x

rundball  

3

01.12.97

01.12.97

40

1

1

  rundball  

5

08.12.97

31.12.97

70

11

4

x

rundball Sjuke etter vaksinering

6

25.12.97

31.12.97

105

2

1

  rundball 1 slakta

7

26.12.97

26.12.97

71

1

0

  rundball  

8

13.01.98

15.01.98

25

1

0

  rundball  

Alle

06.11.97

15.01.98

534 34 9      

Listeriose etter rundballefôring.

Svar frå Professor Hallstein Grønstøl, NVH

Eg er bedt om å kommentera Nils Leine sitt innlegg om listeriose. Mønsteret for eit utbrot, som han beskriv, er velkjent. Det slår meg at det framleis er mykje me ikkje forstår om patogenese og immunitetsforhold.

Årsaka til utbrotet er truleg fôring med surfor. Frå England er det kjent at tilfelle med listeriose auka sterkt i samband med at fôring med rundballesurfôr vart vanleg. Kvaliteten på rundballesurfôr kan variera sterkt med verlaget under nedlegging, med nedleggingsteknikk og med oppbevaring seinare. Listeriabakteriane veks bra ved låge temperaturar og nedsett oksygenspenning, og kvaliteten av surforet kan variera sterkt frå balle til balle.

Før vaksinen si tid har eg vore borti utbrot som har arta seg likt dette, i desember og januar, der sauer eldre enn lam vart sjuke, der dyra kom seg, men nokre fekk tilbakefall og daua.

Behandling er ofte vanskeleg i slike utbrot. Eg hadde best røynsle med krystalinsk penicillin iv samt prokain-penicillin im, og behandling med prokain-penicillin over fleire dagar. Eg veit at mange supplerer denne behandlinga med kortikoider. B-vitamin og annan støtteterapi er nok også bra. Dyr med svelglammelse blir sterkt dehydrerte, og det kan vera nødvendig å få i dei væske. Men trass i adekvat behandling trur eg at enkelte dyr stryk med likevel. Eg trur at ein kan ha glede av å behandla sjuke dyr i lengre tid enn 1-2 dagar, kanskje i 3-6 dagar.

Er det rett å vaksinera under eit utbrot? Eg er litt i tvil om dette. Mi røynsle er at dersom eit dyr er i inkubasjonsfasen når det blir vaksinert, kan sjukdommen få eit meir alvorleg forløp. ofte med dødleg utgang. På den andre sida så vil truleg slik vaksinering verna sauer som ikkje er i denne fasen, i eit utbrot.

Når det gjeld førebygging, så trur eg at kvaliteten på surfôret spelar ei viktig rolle. Difor er nedlegging og kontroll av surfôret viktig i denne samanhengen, Ein skal og vera klar over at dei fleste dyra skil ut listeriabakteriar i avføringa i periodar, slik at småfegjødsel kan innehalda betydelege mengder av desse bakteriane. Me trur og at disponerande faktorar, som fôrskifte, temperaturendring og stress kan verka disponerande. Så førebyggjande tiltak vil vera å halda best mogleg kontroll med desse faktorane. Og vaksinering i god tid før siloforinga startar har vist seg å ha god effekt mange stader.

Rundballefôring er vel komen for å bli. Etter mi meining er turrhøy eit sikrare fôr til sau, men rundballesurfôr av god kvalitet bør også kunna aksepterast.

Oslo 16.2 1998

Hallstein Grønstøl



Svar frå Hallstein Grønstøl
Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 09.01.2008