![]() |
||||
|
Om sideneSidene såg dagens lys fyrste gong i 1997. Dei inneheld stoff om
sjukdom på sau og geit. Om meg sjølv: Eg er veterinær, fødd 1949, eksamen ved NVH i 1976. Eg har køyrt stordyrpraksis i Vang i Valdres mesteparten av den tida eg har vore yrkesaktiv. Ny design og nytt menysystemI tida som er gått etter at småfesidene kom ut på internett for over 10 år sidan har det skjedd mykje. Internett er heilt forandra, og alle organisasjonar og forskningsinstitusjonar har bygd opp sine eigne gode informasjonssider. Behovet for småfesidene har difor endra seg. Det meste av stoffet som har vore her blir lagt i arkivet eller sletta. Det er peikarane til høgre på hovedsida som no blir dei viktigaste inngangsportane til informasjon. Det vil også bli vidareført ei side med andre peikarar.
|
| ||