Transport av småfe
Med vekt på praktiske problemstillingar
Privatpraktiserande veterinær Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
I vårt land føregår transport av småfe hovudsakleg til slakteri
og til og frå beite. Elles er radioaktivitetsmålingar i deler av landet
og køyring av avlsdyr årsak til noko transport i mindre skala. Sentraliseringa
innan slakterinæringa har ført til lengre transportar av småfe enn før.
Vi kan lett tenkja oss at dette vil utvikle seg vidare. Vi må berre håpe
at det ikkje går så langt som det vi har sett i andre land.
Dyra blir utsette for stress
Transport vil føra til stress hjå dyr. Det er fleire årsaker
til at dette er ein stressande situasjon.
- Transport inneber meir handtering av dyra enn vanleg. Altså
ein mykje nærare kontakt med menneske enn dei har til vanleg. Særleg
gjeld dette ved på- og avlessing. Deira personlege rom, fluktsona, blir
krenka. I tillegg kan dei bli utsette for mange slags handtering.
- Dei må stå tettare enn dei ynskjer.
- Dei får til vanleg ikkje tilgang på mat og drikke så lenge dei er
under vegs.
- Drøvtyggjarfunksjonen blir nedsett.
- Det er ein ny situasjon. Noko som i seg sjølv verkar stressande. Dei
kjenner heller ikkje til grunnen til transporten.
- Dei kan ha problem med å bestemme fartsretninga, og dermed finne ut
korleis dei skal halda seg på beina.
- Dei kan koma saman med framande dyr. Det kan føre til auka aggresjon
og uro.
- Småfe kan bli stressa dersom dei blir sende åleine på ein bil. Dei
er flokkdyr.
Fare for fysisk skade
I tillegg til at dyra blir stressa er det også fare for
fysiske skader. Det kan vera skader på grunn av dårleg tilpassa transportmiddel
som feil ved innreiing eller på grunn av for lite frisk luft. Skader kan
også skje etter uforstandig køyring. Dersom dyr blir urolege, opphissa
eller aggressive, kan dei skade både seg sjølve og andre dyr.
Fare for smittsam sjukdom
Transport på eit felles transportmiddel av dyr frå ulike
buskapar kan vera opphav til overføring av smittsame sjukdommar.
Forsking på transport av småfe
Det er i utlandet gjort mange studiar over korleis sauer
reagerer på transport. Dette er ofte studiar der sauer er fylgt over lang
tid, og reaksjonane blir målt når bilen står stille og samanlikna med
reaksjonane når bilen køyrer. For stresspåkjenningar over kort tid blir
kortisonnivå i blod brukt som parameter, men også kreatin fosfokinase,
laktat og hjartefrekvens. I ein del undersøkingar er det sett på kvaliteten
av kjøtt etter stresspåvirkning. Dyra si åtferd, både i naturlege og meir
kontrollerte studiar, er blitt observert.
Gjennom ein nyleg publisert artikkel er det for fyrste gong
gjort greie for korleis geit kan oppføra seg under transport. Her vart
geitene observerte medan dei vart transporterte ein time. To personar
noterte det dei såg. Måten geitene stod på, uhell undervegs og ein del
andre ting vart notert.
Handtering av dyr som skal transporterast
Det beste er at dyra blir handterte av folk dei kjenner.
Men dette går diverre ikkje an å få til heile tida. Det som er vanleg
er at dei kjem borti nye menneske som har ein heilt annan måte å ta hand
om dei på enn dei er vane med. Er dyra lite handterte, bør dei vera samla,
og dei som skal få dei inn på transportmiddelet må halda seg litt på avstand,
i alle fall i starten. Alt skal gå roleg føre seg og ein bør bruke den
tida som er naudsynt for at dyra skal halde seg rolege. Her er det viktig
å tenkja på at dei har ei sone rundt seg som dei ikkje vil sleppa andre
innanfor. Denne sona er mindre dersom dyra er tamme. Di meir dyra er vane
med folk, di tettare kjem ein inn på dei, og i beste tilfelle kan ein
gå framfor dei med litt mjøl i ei bøtte og lokka dei inn på transportmiddelet.
Ei gradvis tilvenning til ulike typer handtering er det beste. Vi veit
alle at av småfe er det er mest lam som blir transportert. For dei er
dette nytt og skremmande. Det bør alltid vera med ein eller fleire vaksne
sauer på transporten
Ein må også vera klar over kor god høyrsel dyra har. Framande
og skarpe lydar kan vera opphav til sterke fryktreaksjonar både under
transport og når dyra kjem fram til slakteri. Dei som handterer dyra må
vera klar over dette og ikkje vera høgmælte. Lydar frå metallinnreiing
og mekaniske innretningar skal dempast så mykje som råd er. Alle må altså
oppføre seg roleg, utan skrik og høge lydar. Bruk av elektriske drivstavar
eller andre ting som gjev dyret fysisk smerte, må ikkje førekoma.
Ein annan ting som ofte skjer, er at lam og sauer blir lyfta
og flytte på ved å ta tak i ulla, særleg på ryggen og øvst på sidene.
Dette er årsak til småblødningar og skader og det er noko som ein absolutt
må unngå!
Vi må alltid tenkja på dyrevern når vi handterer dyr. Vanlege
folk interesserer seg også stadig meir for dette. Vi har sett fleire TV-program
som tek det opp, og det er bra. Det er viktig at nokon fylgjer med og
passar på at rutinar som er uheldig for dyra ikkje får innarbeide seg.
Genetisk skilnad mellom dyra
No er det både genetisk og tillærte skilnader mellom dyr
i evna til å tole stress. Dette har dei funne i fleire undersøkingar i
utlandet. Det stiller krav til dei som handterer dyra at dei kjenner dei
forskjellige dyreartene og rasane. Pelssau, og gamalnorsk sau er truleg
atskillig meir vare for handtering og nye ting kring seg, enn for eksempel
mjølkegeiter og rolege dalasauer. Dette er eit område der vi treng veta
mykje meir, og det må setjast i gang forsking.
Plassen for på- og avlessing
På- og avlessing er kanskje dei viktigaste fasane av transporten.
Her kan god handtering og ei fornuftig innreiing redusera stress i stor
grad. Småfe har vidvinkelsyn og oppfattar lett skuggar og ting som lear
på seg som farlege. Det er fint om lyset kan gå frå svakt til sterkare,
men det skal ikkje vera skarpe lyskjelder. Tette sider langs gangen som
fører inn til transportmiddelet vil roe ned dyra. Denne gangen bør ikkje
vera for brei. Golvet bør ikkje ha skarpe søkk og ujamn overflate. Det
kan få dyra til å bråvende. Ein skal unngå skarpe vinklar å drivgangane,
men prøve å lage dei avrunda og slik at dyra ser eit stykke framover.
Dersom dei ser ein vegg framfor seg, har dei ein tendens til å snu.
Korleis skal transportrommet vera utforma?
Ein del viktige prinsipp kan nemnast.
Det skal ikkje vera for bratt inngang og utgangsveg. Hellinga
skal vera maksimalt 20 grader. Det beste er at dyra går rett inn på bilen
eller tilhengjaren frå ein rampe som er like høg som planet på bilen.
Golvet må ha ei sklisikker overflate. Dyra vil oftast ikkje
leggje seg i fyrste delen av ein transport. Er det mange dyr med, vil
dei kanskje stå heile vegen. Dyra urinerer meir enn vanleg i byrjinga
og difor er det viktig at det er nok strø på golvet som kan ta opp noko
av urinen. Dersom det er glatt, vil ein kunne få mange typar skader.
Veggene må vera tette frå botnen og eit stykke oppover.
Det skal ikkje vera mogeleg å stikka føter ut gjennom opningar i sideveggene
på ein dyretransport. Derimot er det viktig at det er luftig høgare opp.
Ein tett, høg lem på ein traktortilhengar kan vera ei dødsfelle i varmt
ver. Dersom ein bruker traktortilhengjar, kan ei i staden for høge, tette
lemmer bruke netting som er laga for pelsdyrhus. Veggene må vera såpass
høge at det ikkje går an å hoppa over dei. Det kan leggjast ein presenning
eller netting over. Framveggen og taket kan med fordel vera tett, både
for å halda regn og trekk og kulde ute. Vi må vera klar over at nyklypte
sauer og sauer med lang ull stiller heilt ulike krav til tette vegger
og isolasjon. Bilar som køyrer klypte sauer, må vera isolerte.
Dersom dyr frå ulike flokkar skal inn på same bil, må dei
ha skilde rom. Dette betyr mykje for å avgrensa smitteoverføring, men
like mykje for å dempa det stresset det er å tilpassa seg ukjende artsfrendar.
Alle transportmiddel som skal brukast til dyr skal godkjennast.
Statens Biltilsyn og Statens dyrehelsetilsyn er godkjenningsinstansar.
Dette er regulert gjennom forskrift om transport av levande dyr. Det er
ikkje så strenge krav til transportmiddel som ikkje blir brukt fast til
yrkeskøyring. Men distriktsveterinæren skal godkjenne alle slike innretningar,
dette er det viktig å vera klar over.
Kor tett skal dyra stå?
Dei undersøkingane som er gjort over sauetransport i utlandet
har gått over mange timar, ja, fleire døgn. Heldigvis er det ikkje slik
her i landet enno. Men det viser seg at det er dei fyrste timane at dyra
reagerer mest på transporten med forskjellige former for mistrivselsytringar.
Det kan vera vanskeleg å koma med sikre råd om kor stor plass eit dyr
skal ha under transport. Får det for lite plass, kan det ikkje leggja
seg. Det er kanskje ikkje så farleg dersom det berre skal køyrast ein
til to timar. Dersom dei står tett, står dei også stødigare, men det er
likevel ein stressfaktor, dei treng eit visst rom rundt seg. Dersom rommet
blir for stort, kan det lettare bli uro ved at dyra stangar og rir på
kvarandre. Dette medfører sjølvsagt fare for skader når dyra er på eit
transportmiddel som ikkje står i ro.
Norske forskrifter opererer med arealkrav frå 0,2m2
til 0,5 m2 pr dyr. I utanlandske forsøk varierer det mellom
0,25 m2 til 0,7 m2. Det er ikkje gjort eintydige
observasjonar av dette, og det bør undersøkjast nærare.
Kor lenge kan dyra transporterast?
Det er gjort ei mengd studiar over korleis sau reagerer
på lange transportar. Hovudkonklusjonen er at sauer blir mest stressa
ved på- og avlessing. Når dei har stått nokre timar på bilen, roar dei
seg. Dersom det blir pause under transporten for at dyra kan få eta og
drikke, viser det seg at ikkje alle kjem til drikkeplassen. Dei vil ofte
ha kraftfôr fyrst, og innan dei får tid til å drikke, reiser dei vidare.
Sjølve stoppen kan vera eit stressmoment i seg sjølv. Vi må difor setja
eit spørsmålsteikn ved kravet om at det skal vera fôringspause etter så
og så mange timar transport. Det er truleg best at transporten føregår
i eitt, sjølv om den strekkjer seg over mange timar. Men dette er noko
som også må undersøkjast nærare. Det ein veit er at dyra treng mange dagar
før dei kjem seg att etter ein lang transport.
Korleis skal transporten gå føre seg?
Dyretransport stiller store krav til sjåføren. I ei undersøking
av ein times transport av geiter vart det funne at dei aller fleste av
dei fall overende i løpet av fyrste delen av reisa. Dette skjedde ved
hard bremsing og akselerering og ved hol i vegbanen eller fartsdumpar.
Resultat var skader og småblødingar. Sjåførane må få god opplæring i korleis
"passasjerane" reagerer på ulik måte å køyra på. Køyringa skal
vera roleg, utan brå oppbremsingar og den skal ta omsyn til vegstandarden.
Transportmiddelet skal reingjerast
Rommet skal vera reint. Smittefare er eit stikkord her.
Men dyr kan også reagere kraftig på lukter. Dette er det gjort studiar
over. Griser som har vorte skremde på ein transport vil skilje ut luktstoff
i urinen som andre griser som blir transporterte seinare, reagerer på.
I andre undersøkingar er det sett at dyr godt kan vera rolege sjølv om
dei ser andre dyr bli slakta. Men dersom dyret som blir slakta blir redd,
vil det koma luktstoff i blodet som skræmer andre dyr. Ein kan såleis
få ein kjedereaksjon av urolege dyr dersom ein er uforsiktig med handteringa.
Transport av sjuke eller skadde dyr
Det er forbod mot å transportera sjuke dyr. Dyr som ikkje
kan stå eller som står dårleg skal avlivast på staden og ikkje sendast
til slakteri. Dersom ein finn sjuke dyr på beite blir det noko annleis.
Dersom dei ikkje er for sjuke, må dei i hus, og i slike tilfelle blir
det bruk for improvisering. Det viktige her er at transporten føregår
skånsamt og snøgt. Småfe er greie dyr å handtera, slik sett.
Ein skal alltid vurdera om det er best å avliva dyret på
staden, sjølv om det er langt ute i utmarka. Ein boltepistol bør vera
ein del av dyrlegeutstyret. Dersom avliving er det beste alternativet,
treng vi ikkje tilkalle ekstra slaktemannskap, men ordne opp på staden.
Konklusjon
Stress og skader på grunn av transport vil føra til nedsett
fruktbarheit, redusert immunforsvar og vomfunksjon. Dette gjeld alle typar
av transport. Dersom dyret er stressa før slakting, vil dette gje nedsett
kvalitet på slaktet. Det kan bli skader på grunn av at dyr fell overende
på grunn av uforsvarleg køyring og dårlege vegar, og på grunn av skader
som dyra påfører kvarandre. Dersom det er verdifulle avlsdyr som blir
transporterte, kan dei pådra seg sjukdommar som kan få fylgjer for bruksverdien.
Dette betyr at vi må legge vinn på alltid å få til ein god transport,
same kva formålet med transporten er.
Målet med ein god transport må vera å redusera stress og
risiko for skader og smittsam sjukdom. Dette målet kan vi nærme oss dersom
vi lærer oss å forstå reaksjonane til dyret og leggja opp transporten
slik at dyret er, og kjenner seg mest mogeleg trygt. Dette betyr at transportmiddelet
må halda mål og at det alltid er behov for opplæring av transportpersonell.
Men i tillegg krev det fleire observasjonar og undersøkingar av dyr under
transport, også i vårt land. Det må leggjast press på dei rette instansar
for å få til ei større satsing på dette enn det som har vore gjort til
no.
Eit anna, og meir langsiktig mål, må vera å få redusert
transport av dyr mest mogeleg. Dette kan berre skje dersom det blir ein
mindre satsing på sentralisering innan slakteria. I staden for å køyra
småfe lange vegar, bør vi heller satse på små, lokale slakteri eller mobile
slakteri. Det må også leggjast meir til rette for heimeslakting, og det
må bli betre opplæring av folk som driv med småfe, slik at dei kan greia
å slakta i alle fall skadde dyr sjølve. Då kan det verkeleg bli framgang
i dyrevelferd.
Referansar