![]() |
||||
|
Våren er lammingstid
Nokre tips i og føre lamminga Veterinær Nils Leine, 2975 Vang i ValdresVåren er den viktigaste tida på året for sauebonden. Det er den mest travle tida, med mykje nattevaking og samvær med sauen. Korleis ein skal lukkast i denne tida er likevel avhengig av at planlegginga har vore god, at sauene er i god kondisjon og at lamma får gode tilhøve å veksa opp under. Men same kor god planlegginga er kan det oppstå problem. Sjukdommar hjå søya Dei viktigaste sjukdommane hjå søya er mastitt og børbetennelse, i tillegg til vanskar ved sjølve fødselen. MastittMastitt er ikkje lett å førebyggje. Men ein kan nemne eit par stikkord: nok fôr, slik at mjølkemengda er god nok til alle lamma, god hygiene, ekstra fôr til lamma frå fyrste leveveke, og tidleg utslepp. Kalvekraftfôr er svært godt som tilleggsfôr til overtallige lam. Fri tilgang på vatn og godt grovfôr er også sjølvsagt. Det vil spare juret til mora og redusere faren for mastitt. Dersom dette ikkje går, bør ein vurdere å fôre opp overtallige lam kunstig. Av og til er ikkje mastitt til å unngå. Då er det viktig med snøgg behandling. Ta til med hyppig utmjølking og kontakt dyrlege med ein gong.
BørbetennelseGod hygiene er viktigaste faktoren for å unngå børbetennelse. Men svært viktig er det også å vera forsiktig. Ved fødselshjelp bør ein alltid bruke lang hanske og glidemiddel. Ein risikerer då ikkje så lett å laga sår i livmorveggen. Det er slike sår som lett kan bli infiserte og føre til at søya får høg feber og sluttar å ete. Når det fyrst er blitt infeksjon, lyt den behandlast så snøgt råd er. Då kan søya bli snøgt frisk og ein kan unngå at ho blir ståande lenge utan å få i seg mat. Vanskelege fødslar er det mange som er flinke til å ordne opp med sjølve. Men vær sikker på kva du gjer, og dersom du ikkje er det, så tilkall dyrlege. Sjukdommar hjå lam Lamma kan gå ei meir usikker tid i møte. Dei kan få ei rekkje sjukdommar, særleg den fyrste tida dei lever. NedkjølingAlt dei fyrste timane kan dei bli nedkjølte og stryke med av kulde og mangel på næring. Ein bør difor ha tilgang på kasse som kan varmast. Ein bør også ha utstyrt seg med druesukker. Dette kan vera nødvendig å gje med sonde dersom lammet er for svakt til å svelgje. I verste tilfelle kan dyrlegen injisere varmt druesukker for å redde livet på lammet. Sonde eller lammepumpe bør vera tilgjengeleg uansett. Det er svært fint å fôre lam som er litt svake med sonde. RåmjølkSeinare kjem infeksjonar som lett kan få innpass dersom råmjølksmengda er for lita eller kvaliteten er for dårleg. Lamma er avhengige av det som kjem til dei gjennom morsmjølka ei god stund. Difor er det viktig at søya har nok mjølk og at den er av god kvalitet. Så fôringa av søyene både før og under lamming må vera best mogeleg. Råmjølksmengda skal vera 150 - 200 ml pr kg levande vekt. Dette er det ikkje sikkert ein kan få til dersom det er meir enn to lam i kullet. Vurder difor å ha tilgang på kuråmjølk frå fyrste mål og gje det i tillegg til slike lam. Råmjølka skal vera berre frå ei og ei ku. Dette må ein vera nøye med, då enkelte kyr kan ha antistoff mot raude blodlekamar hjå sau og geit. Lamma får då anemi og kan stryke med. Dette er svært sjeldan. Lamma må få den råmjølka dei treng innan 15 timar, eller så tidleg som mogeleg. DiaréKan oppstå tidleg (1-3 dagar etter fødsel). Årsaka kan vera at lamma får for lite eller dårleg råmjølk. Dårleg hygiene er heller ikkje bra. Det kan vera for mange fødslar på eit lite område. Dersom mora har diaré eller laus avføring, kan dette gjera miljøet dårleg i fødebingen.
TrommesjukeDersom lamma blir ståande lenge inne utan at dei får tilgang på grovfôr, kan det bli kritisk. Ein ser av og til at lam som har stått inne til dei er 3-4 veker gamle kan få trommesjuke. Dersom det ikkje blir oppdaga i tide, vil dei stryke med. Dette skuldast at dei ikkje har fått utvikla mage-tarmsystemet sitt godt nok ved at dei ikkje har tilgang på godt nok fôr. Dei vil likevel prøve å få i seg det dei kan finne, og det er ofte ikkje av beste kvalitet, kanskje blanda med møkk. Ein vil då kunne sjå at dei blir blodfattige, dei veks dårleg og dei kan snøgt få trommesjuke og stryke med.
Selen/Vit-E mangel
Men når dei kjem ut, er det også ting ein må passe på. Då er ofte graset i sin mest næringsrike fase. Samtidig vil lam som har stått i tronge bingar lenge, ha behov for å lea på seg. Og det er vel dette som framfor alt kjenneteiknar våren, kåte lam som spring, leikar og hoppar høgt. Men det ein då skal vera klar over, den som driv med sau, er at dette set store krav til muskulaturen til desse lamma. Det er utrena dyr som snøgt får eit stort behov for oksygen og næringsemne til denne aktiviteten. Den brått aukande stoffomsetninga fører til sterk forbrenning. Det blir då danna avfallsstoff som det skal takast hand om. Selen og vitamin-E er viktige faktorar i denne prosessen. Difor er det viktig at selen- og E-vitamininnhaldet i muskulaturen er høgt nok. Det er høgt nok dersom søyene har fått rett fôring. Elles treng lamma førebyggjande behandling med sprøyte eit par dagar før utslepp. Graskrampe/Pulpanyresjuke Når lam som er store, tek til å ete gras ute, kan dei få i seg ganske store mengder på ei lita stund. Dette næringsrike graset er også god næring for ein bakterie i tarmen til lammet. Ein vil kunne få oppvekst av bakterien, og den produserer ei gift som vil ta livet av lammet. Heldigvis har vi ei god vaksine som kan beskytte lammet mot denne sjukdommen. Det er svært viktig å få vaksinert alle søyene før lamming. Når lammet får i seg råmjølk, vil antistoffa som mora har laga på grunn av vaksinen, koma over i lammet, og det er beskytta i fleire veker. Vaksineringa skal gjerast 2-3 veker før lamminga startar. KoksidioseEi sjukdom til skal nemnast her, koksidiose. Koksidiar er små, eincella parasittar. Dei overlever hjå dei vaksne, men er det god hygiene inne og lamma kjem ut nokolunde tidleg, vil dei ikkje få i seg mykje av det inne. Derimot vil dei bli infiserte når dei tek til å eta jord, noko som alle lam gjer når dei er gamle nok. Så to veker gamle lam kan bli infiserte, og dei må behandlast. Det skal skje på dag 7 etter utslepp. Ein kan sjølvsagt unngå dette dersom ein slepper dei ut på eit reint beite der det ikkje har vore sauer på minst to år, eller på beite som er nytilsådd etter pløying. Dette er nokre av dei vanlegaste sjukdommane som vi kan sjå på sau om våren. Mykje av dette kan førebyggjast. Men det krev at ein tenkjer seg om før lamminga tek til, og at ein har ordna seg slik at ein ikkje blir ståande i beit når det er noko ein treng. Spør gjerne dyrlegen om råd om det er ting som du går og lurer på. Mykje stoff om dette emnet finn du på internett. Fôring av kopplam: http://www.leine.no/vet/gs/forebygg/sau/fringav.htm Helsetjenesten for sau sine sider: http://www.fagkjott.no/htsau |
|
|||
Sida
er sist oppdatert den
26.03.2003
|
||||