Tips
føre kjeingssesongen
Som alle veit, er det dei siste åra gjort mykje
for å finne ut kva slags sjukdommar geita har.
Vi ser at vi har ein del store problem som kanskje ikkje let seg løyse
fullt ut før vi får til ei full sanering.
Men dette tek tid, og i mellomtida er det viktig å sjå på
kva vi kan gjera for å minska sjukdomspresset på dyra.
Mange av sjukdommane kjem svært tidleg i livet til kjea. CAE blir
overført med ein gong geitene slikkar kjea sine og når
kjea syg dei. Når vi skal ta til med sanering, blir det aktuelt
å ta vekk kjea og ala dei opp isolert frå dei vaksne. Men
alt no bør de tenkja på å minska smittepresset. Eit
godt miljø er svært viktig, det vil det også vera
etter ei sanering. Ein bør sikre at kjea får eit godt oppvekstmiljø,
eit godt klima og frisk luft.
Difor vil vi koma med nokre råd som kan gjerast alt denne sesongen.
Det vil ikkje løysa problema, men det vil gje kjea ein "mjukare
start".
-
Lag skille mellom geiter som har kjea og dei som
ikkje har kjea enno. Dette hindrar kjea i å få i seg
vanleg mjølk før dei får i seg råmjølk.
Effekten av råmjølka blir mindre dersom dei har drukke
vanleg mjølk fyrst.
-
Ta vekk kjea frå dei vaksne med ein gong.
Gje dei helst kuråmølk, men bland i alle fall ikkje
råmjølk frå mange geiter. CAE smittar alltid
gjennom mjølk og nærkontakt.
-
Lag til bingar til kjea slik at dei kjem over vanleg
golvnivå. Det er dårlegast luft nærast golvet.
Ein kan laga liggehyller i bingane så dei kan hoppa opp når
dei kviler. Pass på at bingen får sirkulasjon med frisk
luft.
Dette er nokre enkle tips. Ta kontakt med dyrlege eller
rådgjevar dersom du vil diskutere det meir.