firkant Småfesidene
bordov


Hovedside sjukdommar Hovedside forebygging av sjukdom
Nokre lenker til andre sider
Søk etter nøkkelord Informasjon om sidene

 

{tekst}


Parasittbehandling av geit

Av: Veterinær Nils Leine, 2975 Vang i Valdres

1. Klypp geitene ved innsett.

2. Sjå etter om dei har blodlus eller pelslus.

3. Veg geitene og noter vekta.

4. Dersom dei har pelslus må dei fyrst behandlast for det og deretter mot innvollsorm/lungeorm.

5. Dersom dei har blodlus:

Gje dei ein dose med Ivomec ®, 3.5 ml pr 10 kg levande vekt. For tida er det berre Ivomec ® som finst på marknaden som tek både innvortes parasittar og utvortes blodsugande parasittar og som kan gjevast gjennom munnen. Hugs at geita treng høgare dosering enn sau og at vektene på geitene varierer svært mykje.

6. Behandlinga kan skje i sintida.

7. Prøv å få til eit driftsopplegg med minst mogeleg parasittar.

Det blir av og til reist spørsmål om korleis og når ein skal behandle geitene mot parasittar. Då må vi sjå litt på kva slags parasittar geita har og kva som er den mest praktiske tida å behandle dei på.

Vi har med både innvendige og utvendige parasittar å gjera. Ikkje alle parasittar er like viktige, og betydningen av den einskilde parasitten kan variere frå flokk til flokk. Difor vil eit lite innlegg som dette berre ta for seg eit par viktige parasittar og det blir gitt nokre generelle råd.

Fyrst litt om kva for parasittar som er viktigast. Dei utvendige skaper fyrst og fremst irritasjon og kløe, men dei kan også påverka allmenntilstanden. Spesielt gjeld dette blodlus. Av innvortes parasittar har vi mange som held til i tarmen, og nokre som held til i lungene. Det kan sjå ut som lungeorm og lus er dei to viktigaste parasittgruppene vi har på geit her i landet no.


Livssyklus til den vesle lungeormen (M. capillaris).
Den har ein snegl som mellomvert.


Muellerius capillaris heiter den lungeormen som dei aller fleste geitene har i seg. Den lever lengst inne i lungene, larvene kjem ut med avføringa til geitene og blir teken opp av ein snegl. Kva slags snegl det er, kan variere frå stad til stad. Geita får i seg sneglen med beitegraset, og larvene vandrar med blodet til lungene, der dei utviklar seg til vaksne ormar.

Bilde av yngleknutar. Her finn ein kjønnsmodne ormar med mange egg.

Ein skjønar at dersom ein kunne unngå å sleppa geiter på infiserte beite, ville mykje av problemet vera løyst. Der geitene får gå på store areal i fjellet og dei ikkje blir liggjande mykje på eit lite stølsområde, kan det sjå ut som mengda med lungeorm ikkje er så stor som der det er små beiteareal med mange dyr.

Dei raude, mørke prikkane er ormeknutar. Dei inneheld inaktive ormar. Denne lunga er svært sterkt angripen.

Her ser vi korleis lunga kan gro saman med brystveggen etter ein lungebetennelse. Dette gjer det sjølvsagt svært vanskeleg på puste.

Dette kan vera eit flokkproblem. Vi ser at det er mange lunger som er like sterkt angripne

Den andre parasittgruppa er lus. Vi har både pelslus (Bovicola caprae) og blodsugande lus (Linognatus stenopsis). Geita kan ha store mengder lus på seg utan at det blir lagt merke til. Men ein ser av og til brå dødsfall etter sterke angrep av blodlus. Årsaka til at geitene er så plaga med lus må mellom anna tilskrivast at dei ofte står tett saman i tronge fjøs med dårleg fjøsmiljø.

Sintida er den mest praktiske tida til parasittbehandling av geitene. Dette kjem av at det då ikkje blir stopp i den vanlege mjølkeleveransen.

Start parasittbehandlinga med å klyppe geitene. Då vil dei bli kvitt svært mykje lus, og ein vil sjå kva slags lus dei har. Dette har noko å seia for kva slags medikamentell behandling ein skal velja. Når geita er klypt, kan den få behandling for dei utvendige parasittane. Det finst ikkje så mange preparat som er godkjende til geit, men det blir brukt såkalte "Pour on" preparat. Særleg gjeld dette pelslus. Ein kan også nytte lusevask slik som det har vore praktisert før. Dersom det er blodlus ein skal behandle mot, kan ein slå behandlinga saman med behandlinga mot lungeorm. Ei gruppe parasittmiddel som heiter avermectinar, verkar både på innvortes parasittar og på utvortes parasittar som lever av blod. Ein behandlar då ein gong, men ein må nytte større dose enn det som står oppgitt til sau. Ein bør gje ein halv gong meir. Desse stoffa finst også både til injeksjon og som "Pour on". Det blir av nokon anbefalt å gje det til geitene gjennom munnen. Det blir hevda at det har best effekt når det blir gitt slik, utan at nokon har lagt fram sikre bevis for det. Ein blir ofte skuffa over resultatet av ei lungeormbehandling. Likevel må vi oppmode om at dette blir gjort regelmessig. Det blir antyda at ein kanskje må behandle med ca 35 dagars intervall, men dette er umogeleg dersom ein ikkje vil ha stopp i mjølkeleveringa.


Blodlus (Linognatus stenopsis) kan ofte finnast i store mengder.
Den er liten og svart og ikkje alltid lett å sjå
Legg merke til dei små svarte prikkane i skinnet.
Det er merke etter lusebitt.

Det er viktig å veta kor tunge dyra er, slik at dei får rett dosering. Ein må difor vega dei og ein kan behandle dei mens dei står på vekta.

Noko som har vore lite nytta her i landet, er eggteljing i avføring. Dersom ein vil vera sikrare på kva slags innvortes parasittar ein har i geiteflokken, bør ein få undersøkt avføringa til ein del geiter. Dette bør ein gjera før behandling, men også ei stund etterpå for å sjå om behandlinga var effektiv. Håpet er at det blir fast rutine ved parasittbehandling.

Ein vil sjølvsagt prøva å koma bort frå altfor omfattande parasittbehandling med medikament. Ein må difor tenkja over om det er noko i driftsopplegget som kunne gjerast annleis. Geita er i utgangspunktet eit dyr som er lite utsett for å få parasittar. Den vil beite over store område og den vil ofte beite på busker og høg vegetasjon der det er lite parasittar. Men når den blir trengt saman på eit lite område med grasmark som viktigaste matkjelde, vil parasittproblemet koma snøgt.

Ta kontakt med dyrlegen og diskuter eit fornuftig opplegg for å bekjempa parasittane.

Litteratur:

PARASITTER HOS GEIT. Bjørn Gjerde og Oddvar Helle 2. utgåve 1997

GOAT MEDICIN. David R. Sherman og Mary C. Smith 1994

 


aaaaaaaaaaaaaaaaa
Siden blir redigert og laga av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres.Sida er sist oppdatert den 21.11.2000