|
Paratuberkulose
er ein økonomisk svært viktig tapsbringande sjukdom i mange
deler av verda.
Årsaka til sjukdommen er ei bakterie som gir ein kronisk infeksjon
i tarmen, og i dei fleste tilfelle redusert yting og avmagring som resultat.
I Noreg ser det ut til at storfebesetningane har svært lite paratuberkulose,
mens sjukdommen er utbreidd i geitmiljøa i Sør- og Vest-Noreg
og Telemark.
Enkelte forskningsmiljø er opptekne av ein muleg samanhang mellom
Crohn's disease
 |
|
Bildet viser
forkalkningar i tarmen etter langvarig påvirkning frå
paratuberkulosebakterien.
Foto: Mette
Valheim
|
hos menneske og paratuberkulose hos drøvtyggarar. Det er venta
aukende fokus på denne samanhangen framover. Bakteriane overlever
til ein viss grad pasteurisering og det er difor viktig å halde
eit lågt smittepress.
Ei inaktivert (drept) vaksine som er produsert i Spania blir brukt i enkelt
område av landet. I Nord-Noreg og deler av Austlandet har ikkje
vaksine vore brukt på mange år, men det er nødvendig
med god kartlegging for å være sikker på status. Sannsynlegvis
vil sanering være langt enklare i desse områda enn i område
der paratuberkulose gjev sjukdom. Forsøk med sanering i buskapar
med paratuberkulose starta i 2004.
|