Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>Paratuberkulose>Gammainterferon



Gammainterferon


Er eit kjemisk stoff som blir produsert og frigitt av ulike celler, spesielt kvite blodceller. Funksjonen til dette stoffet er å forsterke den cellulære immunresponsen mot infeksiøse agens. Det generelle namnet for slike stoff er cytokin.
Dyr som er, eller har vore, infisert med MAP (Mycobacterium avium subspecies paratuberculosis), har celler i blodet som er "trena" til å kjenne att antigen frå denne bakterien og svarer på det ved å frigi betydelege mengder gammainterferon.
Dette kan ein teste for i laboratoriet.


Framgangsmåte:
Ein blandar ei blodprøve som er samla for å ta vare på levande leukocyttar (heparinblod) med antigen frå MAP. Dette blir gjort for å stimulere leukocyttane til å frigi gammainterferon.
Etter inkubering ei natt blir så gammainterferon testa ved hjelp av eit kit som det går an å kjøpa ferdig til formålet. Ein bruker her ein ELISA-test.
Ein vil setja opp parallelle prøver frå same bloduttaket, ei stimulert og ei ikkje-stimulert. Desse prøvene vil bli samanlikna og dersom ein får ein stor nok differanse mellom dei to, vil ein kunne gje ut sikkert positivt svar. Dersom den ikkje-stimulerte prøva har for høg verdi, kan prøva bli forkasta.
Denne prøva kan brukast på dyr som er over 3 månader gamle.

 
Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 24.01.2008