Demodex
caprae påvist hos geit i Noreg
Norsk veterinærtidsskrift 1999;
111: 549-552
Bjørn Gjerde
Noregs veterinærhøgskole
Institutt for farmakologi, mikrobiologi og næringsmiddelhygiene
Seksjon for parasittologi
Postboks 8146 Dep.
0033 Oslo
Hugo Kalstad
Distriktsveterinæren i Narvik
Key words: goats, Demodex caprae, caprine demodicosis,
Norway
Hos fem geiter i ein flokk på 70 i Troms blei det funne mellom
40 og 150 knutar i huda med diameter frå 2 til 6 mm. Eit par knutar
blei også påviste hos to geiter som stod ved Noregs veterinærhøgskole
i Oslo. Nærare undersøking viste at knutane skuldast infeksjon
med hårsekkmidden Demodex caprae. Dette er dei første
dokumenterte tilfella av demodikose hos geit i Noreg.
Innleiing
Midd i slekta Demodex (Klasse: Arachnida. Orden:
Prostigmata) er vertsspesifikke hudparasittar som lever i hårfolliklane
og feittkjertlane hos menneske og ulike pattedyr (1). Utviklinga blir
gjennomført på 3-4 veker, og omfattar egg, eitt larvestadium,
to nymfestadium og vaksne hannar og hoer. Hos geit kjenner ein berre
til éi art, Demodex caprae (1-3). Dei fleste infeksjonar
med denne arta synest å vera subkliniske, men hos somme geiter
kan det bli ein sterk oppvekst av midden i enkelte hårfolliklar,
slik at det oppstår faste knutar i huda med diameter frå
2 til 20 millimeter (3-9). Det kan vera frå eit par til over hundre
knutar hos slike dyr. Knutane kan sitja enkeltvis langt frå kvarandre,
eller fleire tett saman i grupper (5-7). Knutane finst særleg
i ansiktet og på halsen, bogen, lateralt på brystet og i
flanken, men hos sterkt affiserte geiter kan dei finnast over det meste
av kroppen (3-9). Tilstanden minner mykje om den nodulære forma
av demodikose hos storfe (10). Hos geit er knutar andre stader enn i
ansiktet vanskelege å oppdaga visuelt på grunn av det lange
hårlaget. Dei fleste rapporterte tilfella av nodulær demodikose
hos geit har blitt oppdaga anten etter klipping eller grundig palpasjon
av dyra (4-9). Enkelte av knutane i huda har opning til overflata, slik
at innhaldet kan klemmast ut, medan andre berre kan tømast etter
at det er snitta inn på dei. Knutane inneheld ein gulgrå,
osteliknande masse, som ved mikroskopi viser seg å vera samansett
av store mengder hårsekkmidd på ulike utviklingsstadium
og restar av daud midd (4-9).
Demodex caprae skal finnast hos geit over
heile verda (3), men så langt vi kjenner til, er denne arta ikkje
tidlegare sikkert påvist i Noreg. Nærland (11) skriv rett
nok at: "Hårsekkmit (Demodex) fig. 8 er ei mikroskopisk
lita (0,25 mm), langstrekt og mest fotlaus mit-art som etter L. Slagsvold
kan hopa seg opp i hårsekker på geit, mest på halsen
og etter ryggen, og laga opp til ertstore knytar i skinnet - ‘blærer’
- i geitskinna som set ned verdet på dei. Er oftast å sjå
på skinn fra gamle geiter, og lettast å sjå frå
narvsida". Men det er uråd å avgjera om Nærland
her refererer til norske eller utanlandske geiter. Det tilhøyrande
biletet av ein Demodex-midd (fig. 8, s. 18) er lånt frå
ei amerikansk bok om parasittar, og viser ein midd frå storfe.
I det fylgjande kan vi dokumentera at Demodex caprae finst hos
geit her i landet, og kan føra til nodulær demodikose.
Kasusomtale
Flokk A
Flokk A var ein flokk på om lag 70 geiter i Gratangen kommune
i Troms. Geitene kjea i månadsskiftet januar-februar. Ved klipping
i midten av november 1998 la eigaren merke til at somme av geitene hadde
fleire knutar i huda. Veterinær (H. Kalstad) blei tilkalla, og
undersøkte geitene den 20.11.98. Fem drektige geiter hadde då
knutar. Allmenntilstanden til desse geitene var god, og det var ingen
kløe. Knutane var spreidde over det meste av kroppen, med unntak
av ansiktet, distalt på beina og under buken. Tre av geitene hadde
kvar 100-150 knutar med diameter 2-4 mm. Mange av desse knutane hadde
opning til overflata. Innhaldet i knutane var tjuktflytande, gulgrått
og voksliknande. Dei to andre affiserte geitene hadde kvar 40-50 knutar
med diameter 4-6 mm. Dei fleste av desse knutane hadde ikkje synleg
opning til overflata. Frå ein av knutane blei det teke biopsi,
som blei sendt til Veterinærinstituttet Harstad for nærare
undersøking.

Figur 1. Geit i flokk A med utprega nodulær demodikose på
grunn av infeksjon med Demodex caprae. Lateralt på kroppen
og øvst på beina er det talrike knutar i huda med diameter
opptil 10 mm. Geita blei klipt før fotografering. (Foto: H. Kalstad).
I histologiske snitt av biopsiprøven blei det påvist hårsekkmidd.
Seksjon for parasittologi, Noregs veterinærhøgskole (NVH)
blei då kontakta, og det blei avtala å senda inn ferskt
materiale frå knutane for nærare identifikasjon av midden.
Den 21.12.98 blei ferskt materiale klemt ut frå eit par knutar
hos tre av geitene i flokken.
Dei geitene som hadde knutar, blei den 28.12.98 behandla langsetter
ryggen med flumethrin (Bayticol vet.â liniment) i doseringa 2 mg/kg
kroppsvekt. Same behandling blei også gjeve den 5.1.99. Den 21.2.99
blei geitene undersøkte på nytt. Talet på knutar
og storleiken av dei var som før behandlinga. Innhaldet i eit
par knutar blei klemt ut og sendt inn til NVH for nærare undersøking
for hårsekkmidd.
Den 21.4.99 blei geitene undersøkte nok ein gong. Den eine av
dei to geitene som hadde hatt dei største knutane tidlegare,
hadde blitt sendt til slakt, medan den andre no hadde fått større
og meir markerte knutar, med diameter på opptil 10 mm (Fig. 1).
Innhaldet i knutane var som før. Hos dei tre andre geitene, som
hadde hatt små knutar tidlegare, var talet på knutar no
tydeleg redusert. Mange av knutane hos desse dyra hadde tørka
inn og etterlate seg små skorper på huda.
Flokk B
Flokk B omfatta 40 drektige geiter som stod oppstalla ved NVH i samband
med eit reproduksjonsforsøk. Etter at hårsekkmiddinfeksjon
hadde blitt påvist i Flokk A, blei 10 av geitene i denne flokken
undersøkte for knutar i huda ved palpasjon den 21.12.98. Hos
to av desse geitene blei det funne knutar. Den eine hadde ein 2-3 mm
stor knute fremst på halsen, medan ei anna geit hadde ein liknande
knute på brystet like bak olbogen. Knutane blei punkterte med
skalpellblad, og innhaldet blei pressa ut og samla opp for mikroskopisk
undersøking.
Laboratorieundersøkingar
Små porsjonar av ferskt materiale frå knutane blei rørt
ut i ein dråpe glycerin på eit objektglas. Eit dekkglas
blei lagt over, og preparatet blei undersøkt med mikroskop. Storleiken
av egg og vaksen midd blei målt ved hjelp av eit kalibrert okular
skrumikrometer. Det blei differensiert mellom hannar og hoer i enkelte
preparat. Mikrofoto blei tekne ved hjelp av Leica MPS 60 fotoautomat.
Laboratoriefunn
Materialet frå hudknutane hos geitene i flokk A (Fig. 2) og B
Figur 2. Pastaliknande materiale klemt ut frå to knutar i huda
til ei geit i flokk A med nodulær demodikose etter infeksjon med
Demodex caprae. ´ 5 (Foto: B. Gjerde).
inneheldt store mengder av hårsekkmidd på ulike stadium
av utviklinga frå egg til vaksen midd (Fig. 3).
Figur 3. Mikrofoto av innhaldet i ein hudknute hos geit. Vi ser fleire
intakte Demodex caprae saman med restar av daud midd og tomme
huder. ´ 150 (Foto: B. Gjerde).
I tillegg var det rikeleg med restar av daud midd og tomme huder etter
hudskifta. Dei aller fleste av dei vaksne middane var hoer (Fig. 4).

Figur 4. Ventralsida av ein vaksen homidd av Demodex caprae frå
geit. ´ 300. (Foto: B. Gjerde).
Ved kjønnsdifferensiering av 200 tilfeldig utvalde middar frå
dei tre geitene i flokk A, var 197 (98,5%) hoer og berre 3 (1,5%) hannar.
Homiddane var 220-250 m m lange, i gjennomsnitt 235 m m (n=15),
og om lag 60 m m breie ved beinpara. Den einaste hannen som blei
målt, var 210 m m lang. Egga var ovale og 60-80 x 35-40 m
m store (Fig. 5).

Figur 5. Egg av Demodex caprae frå geit. Ei larve er i
ferd med å utvikla seg inni egget. ´ 300. (Foto: B. Gjerde).
På grunnlag av vert og morfologien til egg og vaksne hannar og
hoer, blei parasitten identifisert som arta Demodex caprae.
Det materialet som blei klemt ut av knutane hos geitene i flokk
A vel seks veker etter avslutta behandling med flumethrin, inneheldt
normale stadium av hårsekkmidd frå egg til vaksne.
Diskusjon
Dei kliniske funna i dei to geiteflokkane er heilt i samsvar med tidlegare
rapportar frå andre land om demodikose hos geit (3-9). Det var
såleis store individuelle variasjonar i førekomsten av
knutar i huda. Dei fleste geitene i begge flokkane hadde ingen knutar
i det heile, somme geiter hadde eit par små knutar (flokk B),
medan enkelte geiter hadde mange og velutvikla knutar (flokk A). Ein
trur at dei fleste geiter blir smitta av Demodex caprae i ung
alder, men at fleirtalet av desse ikkje utviklar kliniske symptom, av
di dei greier å halda populasjonen av hårsekkmidd på
eit lågt nivå (3). Hos slike geiter finst Demodex caprae
særleg i augnelokka. Hos geiter med nedsett immunforsvar, anten
på grunn av medfødde manglar, feil- eller underernæring,
eller stress, vil det derimot kunna bli ein oppvekst av hårsekkmidden
lokalt eller generelt, slik at det oppstår ein eller fleire knutar
i huda av varierande storleik.
Den påviste hårsekkmidden blei identifisert som arta
Demodex caprae på grunnlag av artskriteria hos Nutting
(1) og omtale og illustrasjonar av denne arta hos andre forfattarar
(2, 4-7). Dette er den einaste arta som hittil er funnen hos geit, men
ein kan likevel ikkje sjå bort frå at geit kan vera vert
for fleire Demodex-arter, slik som til dømes storfe (2).
Ein kan difor ikkje utan vidare slå fast at funn av håsekkmidd
hos geit er det same som funn av Demodex caprae.
I dette materialet blei det påvist ei stor overvekt av homidd
samanlikna med hannmidd. Tilsvarande funn er også rapportert tidlegare
(7).
Påvisinga av nodulær demodikose i flokk A førte
til at ein del tilfeldig utvalde geiter i ein annan flokk også
blei undersøkte. Funnet av knutar som inneheldt Demodex caprae
hos to av desse geitene, kan tyda på at nodulær demodikose
er ein relativt vanleg tilstand hos geit her i landet.
To gongers påhellingsbehandling med pyrethroidet flumetrin
såg ikkje ut til å ha nokon effekt på Demodex caprae.
Vel seks veker etter behandlinga var såleis knutane uendra, og
dei inneheldt framleis normale og reproduserande midd. Tidlegare er
det rapportert om manglande effekt av påhellingsbehandling med
pyrethroida deltametrin og tetrametrin (12). Dei same forfattarane (12)
fann også at badebehandling med amitraz 7 gonger med 10 dagars
mellomrom hadde liten effekt mot nodulær demodikose hos geit.
Thomson og MacKenzie (9) fann at behandling med rotenon, anten lokalt
på utklemte knutar, eller i form av vask av heile dyret, førte
til at knutane gjekk tilbake. På grunn av at knutane vil kunna
bli tilbakedanna spontant etter nokre veker eller månader, er
effekt av behandling vanskeleg å dokumentera. Hos lakterande geit
vil ein også måtta ta omsyn til eventuell tilbakehaldingstid
for mjølka ved behandling. Det kan også diskuterast om
det er naudsynt å behandla, dersom geitene ikkje synest å
vera plaga av infeksjonen. Er det berre nokre få knutar hos eit
par av geitene i ein flokk, kan det vera tilstrekkeleg å klemma
ut innhaldet i knutane, eventuelt etter oppsnitting først, og
deretter behandla dei tømde knutane med jodoppløysing
eller tilsvarande (3).
(Copyright: Fig. 1: H. Kalstad; Fig. 2-5: B. Gjerde)
Referansar
- Nutting WB. Hair follicle mites (Demodex spp.) of medical
and veterinary concern. Cornell Vet 1976; 66: 214-31.
- Rommel M, Bürger H-J, Kutzer E. Parasitosen der Wiederkäuer.
I: Eckert J, Kutzer E, Rommel M, Bürger H-J, Körting W,
red. Veterinärmedizinische Parasitologie. 4. Aufl., Berlin :
Verlag Paul Parey, 1992; 108-362.
- Smith MC, Sherman DM. Goat medicine. Philadelphia : Lea & Febiger,
1994.
- Cram EB. Demodectic mange of the goat in the United States. J Am
Vet Med Assoc 1925; 66: 475-80.
- Durant AJ. Demodectic mange of the milk goat. Vet Med 1944; 39:
268-70.
- Griffin CA, Dean DJ. Demodectic mange in goats. Cornell Vet 1944;
34: 308-11.
- Williams JF, Williams CSF. Demodicosis in dairy goats. J Am Vet
Med Assoc 1982; 180: 168-9.
- Smith HJ. Demodicidosis in a flock of goats. Can Vet J 1961; 2:
231-3.
- Thomson JR, MacKenzie CP. Demodectic mange in goats. Vet Rec 1982;
111: 185.
- Gjerde B. Hårsekkmidd, Demodex bovis, hos storfe
i Noreg. Nor Vet Tidsskr 1996; 108: 387-90.
- Nærland G. Om snyltarplaga hos småfe. Oslo : Norsk Sau-
og Geitalslag, 1950.
- Fleischer P, Lukesova D, Skrivanek M, Hofirek B, Stursa I. First
cases of caprine demodectic mange in the Czech Republic. Vet Med (Praha)
1996; 41: 289-93.
Summary
NODULAR DEMODICOSIS IN NORWEGIAN GOATS CAUSED BY DEMODEX CAPRAE
In a herd in Northern Norway, 5 out of 70 goats were found to have
multiple skin nodules, ranging from 2 to 6 mm in diameter. A few small
nodules were also found on 2 goats in an experimental flock in Southern
Norway. The nodules were found to be caused by the hair follicle mite
Demodex caprae. This is the first record of caprine demodicosis
in Norway.