|
|||||
| Du er her: | Heim>Smittesanering>Medlemssider | ||||
|
|
Oversikt over saneringssituasjonen pr september 2003 I desse dagar tek den siste buskapen i prosjektet startprøver for CAE og paratuberkulose. Denne sida viser litt av korleis utiovklinga har gått når det gjeld CAE i buskapane. Vi ser at i 2001 starta vi med 8 buskapar, 5 av dei hadde ikkje CAE påvist og framleis er tre av desse utan påvist CAE, dei andre to har hatt ein positiv kvar, noko som gjerne kan vera falsk positiv.
I 2002 var det 17 som var med og av dei hadde 9 ingen påvist positive. 3 hadde ein eller nokre få positive prøver. Dei som har mange positive, er dei som akkurat har starta, det viser situasjonen i den gamle buskapen.
Hittil i år, 2003, har 17 buskapar mellom 98% og 100% negative
prøver. Dei 4 med lågast prosent negative er dei siste fire
som tek til med sanering.
Utviklinga har vore fin og den viser at det går an å sanere for CAE i Noreg. Til slutt ser du skiltet som vi har fått laga til alle som har friske dyr. Dette kan bestillast hjå TINE BA. postboks 58, 1341 Ås
|
||||
|
Sidene er utvikla av
Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 18.05.2005 |
|||||