Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>Smittesanering>Veterinærsider>Emballasje  




Prøvetaking, utstyr og emballasje

Bestill utstyr pr Epost dersom du kan!!

NB!! Kan bestillast gratis gjennom orghk@tine.no

Dersom du ikkje kan bruke Epost, kan du ringe 22 93 88 00
Spør etter Marit Svenke eller Laila Fimland.

Her bestiller du også kanyler og prøveglas. Ta med så mykje at du har nok for ca eitt år. Bestill også ferdig utfyllte adresselappar for innsending til TINE Mastittlaboratoriet i Molde.

Prøver for testing av både CAE-antistoff og byllesjukeantistoff skal sendast til Molde. Sjå også her...

Prøver berre for testing av byllesjukeantistoff skal sendast til Veterinærinstituttet i Oslo. Sjå her...

For IFN-gammatesting er det spesielt opplegg. Sjå her...

Dyrking av paratuberkulosebakterien skjer i på Veterinærinstituttet i Oslo.
Sjå her...

Det blir mykje blodprøvetaking i samand med smittesanering.
For å gjera det litt enklare i kvardagen, bestiller du emballasje som gjer det enkelt å pakke og sende inn prøver. Dette gjer du gjennom
TINE rådgjeving, Ås

Her er eit bilde av emballasje i to storleikar.

I den eine er det plass til 48 prøveglas, den andre har plass til 9. Denne kan ein også skjera av dersom ein berre skal sende eit par glas. Det kan brukast både 4, 5 og 10 ml glas, men bruker ein dei minste glasa, må ein leggje littt papir eller liknande på toppen så dei ligg støtt.
Ein kan etter å ha fylt opp desse pakkene, setja kraftig limband (tape) rundt, lime på adresselapp og sende den som han er. Treng ein meir enn ein kartong, limer ein alle saman til slutt. Den minste typen er med pappomslag og kan ofte sendast som vanleg A-post.

Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 03.11.2006