|
|||||
| Du er her: | Heim>Smittesanering>Informasjon om prosjektet> Sjukdommane | ||||
|
|
DEI SMITTSAME SJUKDOMMANE Paratuberkulose er ein økonomisk svært viktig tapsbringande sjukdom i mange deler av verda. Årsaka til sjukdommen er ei bakterie som gir ein kronisk infeksjon i tarmen, og i dei fleste tilfelle redusert yting og avmagring som resultat. I Noreg ser det ut til at storfebesetningane har svært lite paratuberkulose, mens sjukdommen er utbreidd i geitmiljøa i Sør- og Vest-Noreg og Telemark. Enkelte forskningsmiljø er opptekne av ein muleg samanhang mellom Crohn's disease hos menneske og paratuberkulose hos drøvtyggarar. Det er venta aukende fokus på denne samanhangen framover. Bakteriane overlever til ein viss grad pasteurisering og det er difor viktig å halde eit lågt smittepress. Ei inaktivert (drept) vaksine som er produsert i Spania blir brukt i enkelt område av landet. I Nord-Noreg og deler av Austlandet har ikkje vaksine vore brukt på mange år, men det er nødvendig med god kartlegging for å være sikker på status. Sannsynlegvis vil sanering være langt enklare i desse områda enn i område der paratuberkulose gjev sjukdom. Forsøk med sanering i buskapar med paratuberkulose starta i 2004. CAE - viruset er i slektskap med Mædi-visna-virus som angrip sau. CAE gjev fyrst og fremst betennelse i hjerne og ledd. Kliniske symptom er oftast leddbetennelse, lammelse, jurbetennelse, lungebetennelse, avmagring og generell mistrivsel. Ei undersøking av tankmjølk i 2003 og 2004 viste at 88% av alle undersøkte besetningar var infiserte med CAE. Vitskapleg er det etter kvart vist at det er rettare å klassifisera både CAE og Mædi-visna-virus som ei felles gruppe som angriper småfe. Både CAE og Mædi-visna er meldepliktige sjukdommar i fleire land, mens det i Noreg berre er Mædi-visna som er gruppert som B-sjukdom. Byllesjuke
er ein bakteriesjukdom som er utbreidd i store deler av landet. Svar på
ei spørjeundersøking antydar at over 70% av besetningene
er infisert. Bakterien slår seg særleg lett ned i lymfeknutar
og lagar byllar der. Sjukdommen kan spreiast med livdyrkontakt. Sjukdommen
gjev redusert produksjon, dårligere jurhelse, velferd og levetid.
Byllesjuke er tapsbringande fyrst og fremst ved kasseringa av slakt. Den
er også i en del tilfelle årsak til store lidingar hos enkeltdyr
og er ein utriveleg sjukdom å få i buskapen. Det er ynskjeleg
å ta hensyn til denne sjukdommen i eit bekjempingsprogram fordi
det vil bety lite ekstra kostnader samtidig som dei praktiske tiltaka
vil vera dei same som for paratuberkulose og CAE. Luftvegsinfeksjonar
Skrapesjuke
er ein dødeleg, smittsam sjukdom i sentralnervesystemet hos sau
og geit. Sjukdomen har fleire fellestrekk med andre sjukdomar hos dyr
(kugalskap) og hos menneske (Creuzfeld Jakob`s sjukdom.) Det finst også
ein variant (NOR98) som no ikkje blir rekna som smittsam. |
||||
|
Sidene er utvikla av
Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 18.05.2005 |
|||||