|
|
Hugseliste ved smittesanering
Før saneringa startar er det viktig med god planlegging.
Her er ei liste over ting ein må hugse på.
Skriv også ut desse sidene!
Utstyr
- Eingongshanskar - lange og korte (Lange er mest aktuelle)
eine handdukar til kvart kje (eller eingongsdukar)
- Reine pappkasser til å leggja kjea i, eventuelt eingongs isoporkasser.
- Sko ved dørene som er lette å ta på og av
- Overtrekkstøy- samt eingongsklær og sko
- Handvask i fjøset, papirhandduk og såpedispensar
- Eige rom som mellomstasjon for kjea før dei blir transportert
bort (Transitt)
- 6 dl kuråmjølk pr kje til fyrste levedøgn, frå
fyrste mjølking etter kalving
- Flasker som tek 2 dl kuråmjølk for fyrste måltid
i pappkassa, før transport dersom dei
blir ståande ei stund
- Varmelamper
Arbeid
- Bruke reine eingongshanskar ved kvar kjeing
- Bruke reine lange hanskar dersom ein må yta fødselshjelp
- Bruke reine eingongshanskar ved fôring av nyfødde kje
- Handvask kvar gong ein går inn i fjøset og mellom kvar
kjeing
- Dusje kvar gong ein er ferdig med fjøsarbeidet
- Skifte klær kvar dag eller oftare, etter behov
Kjeoppdrett
- Passe på at kjea har god nok temperatur i det nye fjøset.
- Varmelampe i alle fall den fyrste veka
- Bland ikkje unge og gamle kje
- Grupper på maks 10!! Kan lempast på der det ikkje føregår
snapping.
Prøver
CAE
- Blodprøver av kje så tidleg som råd og før
dei er 5 veker gamle
- Blodprøver når dei er frå 6 mnd og oppover. Dette
blir avgjort i kvart enkelt tilfelle
- Deretter negative blodprøver kvart halvår tre gonger
- Deretter negative blodprøver kvart år, tre gonger før
friskmelding
- Deretter blodprøver annakvart år
NB!! Dette er rutinar som kan bli endra undervegs. NB!!
Byllesjuke (Etter avtale med prosjektleiinga)
- 5 prøver når dei er to år
- 5 prøver når dei er 5 år
Paratuberkulose (Etter avtale med prosjektleiinga)
- Avføringsprøver når dei er tre år
- Blodprøver, i fyrste omgang for utprøving på unge
dyr. Dette er ikkje rutineprøver
|
|