Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>Paratuberkulose>Gammainterferontest  



Bruk av gammainterferontest i større skala

Prosjektet vil no setja i gang med prøvetaking og analyse av ca 1100 geiter i 9 buskapar for å sjå om ein kan påvise antistoff mot paratuberkulose der.
Det er 2,5 år sidan dei fyrste som er med i denne undersøkinga starta med sanering, og nokon har starta i år.

Det er gammainterferontest som skal brukast, og analysen blir utført på Veterinærinstituttet.

Ved hjelp av denne testen kan ein påvise paratuberkulosesmitte tidleg.

Planen er slik:

Ved positiv prøve:
Ny test på same serum
Ny prøve av positive dyr etter ein månad
Det skal sendast inn organ til patologisk undersøking dersom dyr med positiv gammainterferontest blir slakta
Dyr som er over to år: dyrking av bakterier frå avføring
Alt dette vil også avhenge av kor høge verdiane er. Det kan også vera aktuelt å ta ny prøve raskt og så slakte det positive dyret.
Dette er utprøving av ein test, og det er ikkje den metoden som Mattilsynet bruker i kontroll- og overvakingsprogrammet. Då blir det teke ut avføringsprøver til dyrking.

I god tid før jul vil vi ha svar på denne undersøkinga.

Sjå også artikkel om denne testen her....

Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 18.05.2005