|
|
Fôring
og stell av kje
Helsetilstanden til mordyret må vera god, og oppbygginga av kroppsreservane
må vera tilstrekkeleg før kjeing for at kjeet skal ha dei
beste føresetnadane for å utvikle seg. Då vil kjeet
ha god fødselsvekt, innhaldet av antistoff i råmjølka
vil vera optimalt, og ein god mjølkeproduksjon vil vera sikra.
Då vil også kjeet snøgt utvikle seg til ei god mjølkegeit.
Dersom geitene er fri smittsame sjukdommar og kan leva under mest mogeleg
naturlege tilhøve, er det rett å la kjea fylgje med mor si
dei fyrste vekene. Dei vil kunne amme fritt, og kjeforinga vil fyrst ta
til etter avvenning. Dei som driv mjølkeproduksjon får sjølvsagt
ein ekstra utfordring ved eit slikt opplegg, då det ofte blir ein
kombinasjon av amming og mjølking. Dette kan bety auka belastning
på juret, med høgare celletal og auka fare for mastitt. Men
mange praktiserer det med godt resultat.
Ofte er ikkje tilhøva slik at dette let seg gjera. I norske geitefjøs
er plassen ofte svært avgrensa, då det har vore vanleg å
byggje fjøs med bingeareal på under 0,7m2 pr geit. Dette
er trongt, og det er ikkje plass til kjea dersom dei skal få høve
til å vekse og utvikle seg normalt. Difor er det nødvendig
at røktaren tek kjea vekk og set dei i eigne bingar.
Ein annan viktig grunn til å ta kjea vekk frå mor si snøgt
etter fødsel er dei smittsame sjukdommane som framleis er utbreidde
i mange geiteflokkar her i landet.
Det beste er at kjeinga skjer i avstengde bingar slik at mor og kje får
vera i fred den tida fødselen føregår og dei fyrste
timane etterpå. Kjea må deretter koma inn i eigne bingar,
slik at dei er best mogeleg beskytta. Der skal mjølkefôringa
og den vidare oppforinga skje. Dersom det er smittsame sjukdommar i flokken,
må kjea straks takast vekk frå dei vaksne. Då må
dei ikkje få råmjølk av geit.
Nedanfor er det oppskrift på fôring av kje når ein må
unngå å overføre smitte frå dei vaksne geitene
til kjea. Den kan også brukast der det ikkje er smitte i flokken,
men ein kan då nytte råmjølk av geit.
Smittefri fôring og stell av kje
1. Kjeet skal ikkje ha noko mjølk frå geit så lenge
det er usikkert om det er smitte i buskapen.
2. Råmjølka skal vera frå ku, og det er behov for 6
dl god kuråmjølk innan 15 timar. Mjølka må koma
frå kjent ku, og ein må ikkje blande mjølk frå
fleire kyr.
3. Når kjeet er tørt, skal det plasserast i bingar der det
kan vera ca 10 kje.
4. Det skal ha fri tilgang på kald, syrna mjølkedrikke i
5-7 veker. Det er på marknaden mjølkeerstatningar som er
spesielt laga for kje. Ver nøye med å fylgje oppskrifta for
utblanding med vatn som står på sekken! Kumjølk frå
buskap som ikkje har paratuberkulose kan også nyttast.
5. Mjølka skal gjevast i lukka tønner eller spann, så
det ikkje er fare for at den blir tilsøla av skitt. Det er ikkje
tillete å gje mjølk i opne kar eller koppar.
6. Mjølk skal syrnast og handterast på denne måten:
a. Tilset 1 liter kulturmjølk eller Cultura (ikkje kefir) pr 30
liter blanding. Dersom denne blandinga blir bra, kan ein bruke den til
syrningskultur seinare.
Hugs på å vaske utstyret ofte.
b. Rør i mjølka til det er godt blanda. Det kan nyttast
mjølketank med røremekanisme, slik at ein stadig har omrøring
i blandinga.
c. Rør i blandinga minst to gonger før det er gått
24 timar
d. Rør opp blandinga før det blir tømt over i smokkbøtta.
Det kan nyttast stavmiksar, visp, utstyr på elektrisk drill til
å røre opp måling med, o a. Mjølketank med regelmessig
røring er svært fint å bruke til oppbevaring av syrna
mjølk.
e. Smokkbøtta må aldri bli tom for mjølk.
f. Dei spesielle mjølkepulvera til kje skal handsamast på
ein noko annan måte. Dei skal blandast ut like før dei blir
gitt, og dei må ikkje bli lagra lenger enn 24 timar. Desse erstatningane
er spesielt godt tilpassa mjølkefôringsautomatar. Ein må
setja seg godt inn i bruken av mjølkeerstatningar før ein
tek dei i bruk. Dersom ein gjer feil, kan det føre til alvorleg
sjukdom på kjea. Så ver nøye med å fylgje den
oppskrifta for utblanding som står på sekken!
g. Kjea skal ha fri tilgang til vatn, høy og salt frå fyrste
dag. Dette er svært viktig, og ein må passe på dette
i heile innefôringsperioden. Kraftfôr kan dei også få
fri tilgang til i løpet av dei første par dagane. Både
mat og vatn må vera reint, då geitene ikkje vil eta eller
drikke tilstrekkeleg dersom det smakar eller luktar vondt av mat eller
drikke. Maten kan også ha bli tilført smittestoff dersom
den er blitt urein. Så ta ofte vekk fôrrestar. Høy
kan ein gje i ein hekk som ein festar litt oppe på veggen, slik
at kjea må stå på bakbeina og strekkje seg opp for å
nå det. Ein kan også hengje opp ei korg til høyet,
laga av netting. Vatn og kraftfôr kan ein gje på utsida av
bingeveggen, slik at kjea berre når det med munnen, ikkje med beina.
Dersom vatnet kan bli kaldt og fryse, må ein leggje inn varmeflasker
i bøtta eller ein varmar opp vatnet på annan måte.
Drikkeniplar kan anbefalast, og det trengst minst ein nippel til 10 kje.
h. Kjea skal ha god tilvekst, 175 g/dag for hokje og 185-200g/dag for
bukkekje. Veg kjea for å fylgje med på dette. Er tilveksten
ved 6 vekers alder i nærleiken av dette, sluttar ein med mjølk.
Ein bør slutte brått, slik at ein ikkje risikerer at ein
bruker mjølk av dårleg kvalitet i overgangen. Brukar ein
mjølkeerstatning må ein aldri gå gradvis ned på
det blandingsforholdet som er tilrådd frå produsenten.
Fôringa held fram med fri tilgang på grovfôr, salt og
vatn. Når det gjeld kraftfôrtildelinga, skal ein vera meir
på vakt. Ein bør vurdere å avgrense mengda når
den kjem opp mot 0,5 kg pr kje pr dag. Men mange går heilt opp til
0,7 kg kraftfôr pr kje pr dag med godt resultat. For mykje kraftfôr
i rasjonen vil disponere for pulpanyresjuke. Det er også ein fare
for at kjea blir for feite, og då må ein redusere på
kraftfôrmengda eller gå over til ein type som inneheld forholdsvis
meir fiber. Ein må også vurdere kraftfôrtype i forhold
til det grovfôret som er tilgjengeleg. Kontakt rådgjevaren!
7. Det er nødvendig med nok areal i bingen. Kjea veks fort og difor
vil det vera behov for minst 0,5 m2 pr kje.
8. Bingen skal nok lys, ha god ventilasjon, tett liggeunderlag og ekstra
varme i den kalde årstida. I kaldfjøs kan ulike typar igloo
eller innebygde liggeplassar brukast. Dersom det er lite lys og dårleg
miljø, og det i tillegg er tilhøve som fører til
nedsett fôropptak, kan ein oppleva at det utviklar seg sjukdom.
Eksempel er ulike former for engelsk sjuke "rakitt", mage- tarminfeksjonar
eller luftvegsinfeksjonar.
9. Jerntilskot vil vera aktuelt før dei er to veker gamle. Ein
del av kjea kan utvikle anemi, og tilveksten kan bli dårleg. Dette
er ikkje same type anemi som den dei får ved å drikke råmjølk
frå enkelte få kyr som har ein spesiell faktor i mjølka
som øydelegg dei raude blodlekamane til kjeet. Ein kan bruke jerninjeksjon
eller ein kan gje det i munnen. Ved tilførsel gjennom munnen skal
kjea ha 250-330 mg jern fordelt på 3 til fleire porsjonar innan
dei er 2 veker gamle. Det er ulike handelsvarer å få kjøpt
(Ferro-miks, Pluss flytende jern). Veterinæren vil gje råd
om dette.
10. Når kjea er 6-8 veker gamle, kan det vera nødvendig å
vaksinere dei mot pulpanyresjuke. Ein bør gjera dette minst 2 veker
før ein har planer om å auke kraftfôrmengda eller gje
meir silo med høgt næringsinnhald. Har ikkje kjeet fått
råmjølk av geit, eller av ku som ikkje inneheld antistoff
mot bakterien som gjev pulpanyresjuke, kan ein vaksinere før det
er ein månad gamalt. Snakk med veterinæren om vaksinering
og andre helsespørsmål.
11. NB! Ein skal alltid passe på at alle overgangar i fôringa
skjer skånsamt. Difor må kjea bli gradvis tilvent det forslaget
dei skal gå over til.
|
|