Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
Du er her: Heim>Smittesanering>Medlemssider  



Saneringsnytt nr 2, april 2002

Til alle som er med i smittesaneringsprosjektet

Våren er komen og her i dei sørlege deler av landet er det ikkje lenge før geitene kan koma ut mange stader.
Prosjektet går sin gang, og stort sett går det bra. Dei snappa kjea ser fine ut. Alle rapporterer at dei er mykje friskare enn dei har vore tidlegare år. At dei er fine, kan eg sjølv skriva under på etter å ha vore innom og sett på eit par buskapar. Ein buskap har hatt problem med anemi etter bruk av kuråmjølk. Hjå nokre har det vore litt problem med dårleg mage, ja, t til og med dødsfall etter bruk av kjemisk syrna kalvegodt. Vi vil difor ikkje tillata at dette blir brukt utan at det også blir tilsett kulturmjølk som syrningsmiddel. Andre problem har det vore lite av.
Vi har analysert over 700 blodprøver av snappa kje og to av dei har vore positiv for CAEV. Det er svært lite, og det viser at snappinga har vore gjennomført svært nøyaktig.
Snapping til neste år
Det viser seg at mange ikkje får nok hokje til påsett og snappinga må gå føre seg eit år til mange stader. Dette vil krevja ekstra planlegging, og kanskje bruk av tre fjøs i ei periode. Men med det resultatet vi ser så langt, vil det sikkert gå bra.
Prøvetaking
For å få oversikt over kjeingstider, vil eg no gjerne ha inn kopi av snappeprotokollen. Dei som ikkje snappar, kan oppgje fyrste og siste kjeingsdato. Hovudgrunnen til det er for å kunna fastsetja tidspunktet for neste prøvetaking. Men eg vil også gjerne ha dei data som måtte vera om snappinga og korleis det har gått. Ein del av dykk som tok prøver av geitene i haust og som ikkje snappar, må snart få tek nye prøver. Dette skal gjerast ca eit halvt år etter førre prøve, men det må også vera meir enn 2 månader frå kjeing.
Merking
Eg vil også minne om merking av kjea. Mange har fått kje inn frå andre. Dei skal få kvite øyremerke når dei kjem inn i fjøset dykkar. Dette har bl. a. ført til at nokon har fleire kje med same nummer, eller at det har vorte ført på fiktive nummer ved innsending av blodprøver. For at vi skal kunne fylgje desse kjea framover, må dei få nummer som er eintydige. Difor vil eg gjerne ha liste over kje som er fødde hjå andre, både med gamalt og nytt nummer. Prøv for framtida å merke dei med ein gong de får dei inn i fjøset, slik at vi ikkje risikerer ombyting av prøver. Det blir også mindre ekstraarbeid på meg.
Smittevern
Det er sendt ut plakatar om smittevern i dei fjøsa der dei friske dyra står. Dette håpar eg er sett opp. De kan seia frå dersom de treng meir slikt opplysningsmateriale.
De bør også laga eit skarpt skille mellom reint og ureint område. Det skal ikkje mykje til, men det kan for eksempel vera ein liten dørstokk, plate eller liknande som de må stega over for å gå frå urein til rein sone. Elles blir det lett slik at ein ikkje er heilt sikker på kvar dei reine og ureine skoa skal stå f eks.
Det kan vera lurt å ha ei desinfeksjonsmatte ved inngangsdøra til mjølkerom. Her er det lite praktisk at ein skal skifte sko, og det trengst kanskje ikkje heller. Men mange har alt skaffa seg desinfeksjonsmatte, og det bør de andre gjera også. Den kan f eks bestillast hjå Nessemaskin, eller Felleskjøpet. Nessemaskin har tlf nr 57 69 48 00 og matta har nr 363-16413. Den kostar ca 500 kr.
Snappeutstyr
Det har vorte teke i bruk eingongsbleier hjå nokon i staden for handduk. Det er fleire merke å velja mellom, men TENA er eit merke eg har sett. Her kan de bruke tlf 815 11 111. Det kan vera fint om de som har brukt slike ting, sender tipset vidare til andre.
Fôring
Vi har tidlegare snakka om fôring. Dette kjem vi tilbake til fleire gonger. Etter ei lita rundspørjing høyrest det ut til at det går greitt. Det har vore litt diaréliknande avføring hjå nokon som har brukt kjemisk syrna kalvegodt. Dei har ikkje hatt sjuke kje. Men vi anbefaler bakteriesyrna mjølk. Ved avvenning er det mange som sluttar brått med mjølkefôring, og det går bra. Kjea har då fått tilgang på vatn, høy og kraftfôr heile tida. Vatn får dei ofte gjennom drikkenippel frå dag 1. Det kan nemnast at Felleskjøpet lanserer nytt kalvekraftfôr i desse dagar. Det skal ha ein struktur som dei meiner passar for geit. Det skal bli interessant å høyra korleis det vil virke.
Ny organisering, lokale grupper
På siste møte i prosjektgruppa vart det bestemt at vi skal organisere oss litt annleis. Det blir to lokale grupper og ei sentral. Dei lokale ser slik ut:
Lokal gruppe i Sør-Norge.
Produsent: Gro Hommo
Produsent: Tor Magne Holøyen
Sekretær: Helga Kvamsås
Veterinær: Gunnar Valdal
Ein av produsentane og Gunnar blir med i den sentrale prosjektgruppa.

Lokale gruppe i Nord-Norge:
Leiar: Produsent Ola Dyrstad
Produsent: Magne Johansen
Sekretær: Erlend Winje
Veterinær: Trond Pettersen
Ola Dyrstad og Trond Pettersen er med i den sentrale gruppa.

Artiklar i Sau og geit.
I sau og geit kjem det etter kvart informasjon. I det nummeret som nettopp kom ut er det ei oppsummering av arbeidet fram til nyttår.
Internettsider med passord
Har laga internettsider der de kan gå inn og bl a leggja inn meldingar og tips. Eg har laga eit enkelt passordsystem dersom de ikkje vil at alle skal kunne lesa desse meldingane. Dersom det er fleirtal for å ta vekk passordet, gjer eg gjerne det. Håpar at det kjem mange meldingar etter kvart. Passordet er no: 577tz34
Bankkonto og Organisasjonsnummer
Eg må få bankkonto og organisasjonsnummer frå alle. Dei som betaler ut rekrutteringsbidraget krev dette. Mange har alt sendt det til meg, men ikkje alle har fått beskjed før no.

Det er mange som er flinke til å ringja og ta kontakt dersom det er noko spørsmål. Det må de halde fram med. Det er lurt å få oppklara ting snøgt dersom noko er uklart. Ved sjukdommar/dødsfall hjå kjea, så ta kontakt med lokal veterinær eller prosjektleiar med ein gong.

Eg vil få ynskje lukke til vidare med arbeidet og eg reknar med at eg treffer dei fleste av dykk i løpet av året.


Vang, den 17. april 2002

Beste helsing Nils

Etter at dette var skrive er det i møte styringsgruppa den 23/4/2002 bestemt at den organsieringa som her er omtala må endrast. Det er sagt at det blir uklare ansvarsforhold. Dette vil eg koma tilbake til så snart det ligg føre referat frå møtet.
Dei lokale gruppene vil likevel bli ståande som informasjonsgrupper/rådgjevargrupper som har nær kontakt til produsentane.

Om HTG | Forebygge | Sjukdom | Hus | Produksjon | Album | Linkar | Smittesanering | Heim
 
Sidene er utvikla av Nils Leine, 2975 Vang i Valdres
Oppdatert: 18.05.2005