|
|
Referat frå møte i prosjektgruppa
Fredag den 8. mars klokka 10.00 i NSG sine lokalar i Parkveien 71.
Dette var det fyrste møtet der prosjektgruppa var samla. Tidlegare
har vi hatt telefonmøte. To av medlemmene i gruppa var med via
telefon. Dette fungerte brukbart.
Møtet vart halde i fine lokale i Parkveien, og vertskapet var framifrå.
-Nokre få oppsummeringar: 24 mjølkeprodusentar
er no med. 4 av dei ventar til neste år. 16 veterinærar og
7 rådgjevarar er med i prosjektet. 530 prøver for CAEV er
undersøkte i år, ca 1550 i fjor. Vi har fått svar frå
3 buskapar for byllesjuke og to for paratuberkulose, alle negative. Ein
buskap har hatt problem med anemi etter kuråmjølk.
-NSG si rolle i saneringsprosessen vart diskutert, avl i sanerte buskapar
og om det generelle avlsopplegget framover. Inntrykket er at geitebøndene
er godt informerte om prosjektet. Sau og Geit er ope for informasjon og
har alt hatt fleire artiklar som informerer om det. NSG vil gjerne ha
eit bukkeringsystem framleis, men det må bli restriksjonar på
å føre dyr frå bukkering til bukkering.
-Forslag til ny organisering av prosjektet vart drøfta. Det er
oppretta lokal gruppe i nord og dei har hatt sitt fyrste telefonmøte.
Det er mange spørsmål frå produsentane og det viser
at slike grupper må opprettast også i sør.

-Saneringsprosessen er i gang mange stader og det er ofte vanskeleg å
få tak i nok hokje. Men det er meldt om gode resultat fleire stader.
Det er ein vanskeleg jobb som krev god oversikt og godt ettersyn. Det
er ikkje tid til pauser, så ein lyt ha ordna seg med vakt. To studentar
som har vore med ei veke har gjort ein god jobb, nokon har skaffa seg
praktikant, men vi må prøve å rekruttere fleire studentar.
Det er ein føresetnad at det er interesserte veterinærar
i området.
-Den totale budsjettramma er no på 10 492 615 kroner. Tine vil gje
470 000 pr år framover for å få budsjettet til å
gå opp. Vi må halda oss innanfor dei rammene vi no har fått.
Dette er signala som kjem frå landbruksdepartementet. Det betyr
at det ikkje er plass til fleire i prosjektet no. Vi må hugse på
å registrere eigeninnsats. Denne kan vera betydeleg utan at den
kjem fram nokon stad. Dette må alle hugse på.
-Laboratoriedelen er no i god gjenge. Det har vore innkøyring ei
stund, men no tek alle prøvene til å koma ut etter kvart.
Det er laga eit system med merking av prøvene som går til
Molde, slik at vi kan gå inn og sjå kva fase i prosjektet
den er teken i. Dette merkesystemet ligg ved. Det er også utarbeidd
eige rekvisisjonsskjema til bruk ved innsending av prøver. Laboratoriet
sender også ut lappar til merking av prøveglas med der dei
har trykt på produsentnummer. Alt dette gjeld Molde. Veterinærinstituttet
bruker standard anamneseskjema.
Ei
oppsummering av konklusjonar og vedtak.
- Vi må få til eit praktisk opplegg for
avl og semin i kvar saneringsbuskap. Kostnad til semin ligg ikkje
inne prosjektet.
- Vi kan bruke fersk sæd fyrste året av
saneringsprosessen, ikkje frosen. Dette er mogeleg i Troms og kanskje
ved uttak på Hallsteingård dersom dei får til ei
ny fortynningsvæske slik at sæden kan tola lagring lenger
enn i dag.
- Vi kan tillate at snapping føregår
over to år. Vi må fyrst gå inn og godkjenne opplegget
for det andre året.
- Det må sendast skriftleg søknad ved
ynskje om avvik frå det offisielle opplegget.
- Vi kan godta inntil 25% forskot pr år når
det er dokumentert behov, og vi har pengar i prosjektet på det
aktuelle tidspunktet.
- Det er behov for hjelp til snapping. Vi må
kontakte NVH og NLH for å få tak i studentar til hjelp
til snapping.
- Bonden er sjølv ansvarleg for smittevernet
i fjøset sitt.
- Dersom kje skal overførast til ny buskap
i samband med snapping må det søkjast skriftleg om dette.
- Vi må laga oppskrift på fôring
av kje fram til avvenning.
- Det må opprettast ei lokal styringsgruppe
også i sør.
- All eigeninnsats må registrerast.
- Alle må få del i spørsmål
og svar.
- Det skal opprettast redaksjonskomité på
tre medlemmer som skal passe på at informasjonen kjem ut til
alle involverte partar.
- Databasen i Molde skal vurderast av programmeringskunnig
person med tanke på databaseprogram for prosjektleiar.
- Fagseminar er planlagt i Valdres den 4-5 september.
Komité er: Knut E. Grindaker, Solfrid Steen, Ola Nyberg, Prosjektleiar.
- Neste møte for den sentrale prosjektgruppa blir bestemt
når den lokale gruppa i sør er etablert og har hatt sitt
fyrste møte.
|
|